AKTUELT
Forside
Trenarkommentar
Spelarkommentar
Sesongkort
Hødd-shop
Scoringsklubben
Grasrotandelen
Linkar
Diskusjonsforum
TOPPFOTBALL
A-stallen
Rekruttstallen
Trenar og støtteapp.
U-GRUPPE
Damelaget 2.div.
Junior 2
G16
J16
G14
G12
J12
G11
J11
G10
J10
G9
J9
Mini 8 Jenter
Mini 8 Gutar
Mini 7
Hødd United
HFFO
Informasjon
ANLEGG
Høddvoll Stadion
Ulsmohallen
Kunstgrasbana
Treningsbane gras 2
Høddvollhuset
Sponsor Arena
KLUBBEN
Visjon og verdigrunnlag
Fotballstyret
Sportslig utval
U-gruppeutval
Fakta
Historie
Adelskalender
Marked
Kontakt oss
Sett som startside Legg til i favoritter Sidekart Skriv ut siden
 AKTUELT

09.02 - Magnus nærmar seg Hødd-spel

Islendingen Magnus "Maggi" Mar Ludviksson kjem til Ulsteinvik onsdag, og om ikkje noko spesielt skulle skje, vil han signere kontrakt med Hødd i løpet av dei næraste dagane. Det er oppnådd einigheit om kontraktsbetingelsar, og både jobb og bustad er på plass. Dermed ser det ut til at ein ny viktig brikke i Hødd-stallen kjem på plass i løpet av dei neste dagane. Sportsjef Andrè Nevstad er godt fornøgd med at Maggi ser ut til å bli Hødd-spelar; "Maggi er ein hurtig og rutinert spelar som over tid har spelt på høgaste nivå på Island for klubben KR Reykjavik, og han kan spele i fleire posisjonar. Det er viktig for oss å ha dobbel dekning på alle plassar. Ein lang sesong gir alltid utfordringar med tanke på skadar, karantene og form. I tillegg vil auka konkurranse gjere at alle må vere skjerpa til ei kvar tid. Sånn sett ser det bra ut med den stallen som no er i ferd med å sette seg, avsluttar Nevstad.

08.02 - Hødd møter Bergsøy i treningskamp

Komande helg skulle Hødd egentlig møte Sogndal til treningskamp, men det synte seg at sogningane ikkje hadde kommunisert seg i mellom og hadde "dobbelbooka" kamp denne helga. Dei møter derfor Skarbøvik komande helg...

Hødd har funne ny treningsmotstandar som erstatning og møter Bergsøy på kunstgrasbana i Fosnavågen måndag 15. februar med avspark klokka 17.00. Der blir det møte med tidlegare Hødd-assistent Lars Petter Rønnestad sine disiplar og tidlegare Høddarar som Kim Rene Vågeskar, Daniel Hatløy, Torgeir Skeide, Andreas Kurseth samt Kjetil Paulsen som returnerte til moderklubben Bergsøy frå Hødd sist sommar. Spelar Joa mot moderklubben måndag?

07.02 - Hødd-Byåsen 7-1: Klar for sluttspel i LSK-hallen

Etter overbevisande 7-1 siger mot Byåsen søndag, er Hødd klar for sluttspelet i LSK-hallen, 27. - 28. februar. Kven ein møter der er ennå ikkje klart. Både resultat og prestasjon i dagens kamp var nok litt i overkant av det ein hadde forventa i forkant. Tross alt har laget lagt bak seg ei tøff treningsperiode, og litt tunge bein på denne tida av året er ikkje uvanleg. Det som kanskje gleda aller mest denne helga, både mot KBK og Byåsen, var løpskrafta i laget, både offensivt og deffensivt. Med dette i grunn vart det produsert mange flotte angrep, både i overgongsspelet, men også mot etablert forsvar. I kampen mot Byåsen som til slutt enda med 7-1 siger skora Erik Sandal 3 mål, Joachim Magnussen, Vegard Heltne, Ulrik Wingsternes og Helge Edinsen. Du kan lese/sjå om kampen på Vikebladet i linken under.

PS! Vikebladet har gjennom heile helga dekt Hødd-kampane i Sunnmørshallen på ein svært god måte. Alle interesserte har kunne lese fyldige reportasjar, følgt live oppdatering, men også sett høgdepunkta på Vikebladet TV. Godt jobba av Hans Olav Rise og Andreas K. Rasmussen som har vore avisa sine representantar. Og det at Vikebladet prioriterer god dekning av desse kampane skal dei ha honnør for!

06.02 - Klar Høddsiger mot KBK

Hødd vann 4-1 mot Kristiansund BK i Sunnmørehallen idag. Mål av Fredrik Klock, Erik Sandal og Kazeem Ahmed 2. Les meir Vikebladet via linken under.

Søndag spelar Hødd mot Byåsen, som slo SIF 2-0 laurdag, i Sunnmørshallen klokka 13.00. Vinnaren her går vidare til finalehelga i LSK-hallen i slutten av månaden.

05.02 - Brikkane snart på plass?

Det er enno uvisst om Islendingane Magnus Mar Ludviksson og Gudmundur Peturson blir Hødd-spelarar.

05.02 - Troppa mot Kristiansund

Følgande tropp stiller til kamp mot Kristiansund i morga. Ørjan H.Nyland, Vebjørn Skeide, Oddbjørn Lie,Ulrik Wingsternes,Fredrik Klock,Thomas Lid Kleppe,Ørjan Engen Grimstad,Ruben Kenneth Brandal,Erik Sandal,Helge Edinsen,Emil Viddal,Bendik Torseth,Vegard Heltne,Christian Mork,Kazeem Ahmed,Kim Tore Husøy og Joa Magnussen.

05.02 - Årsmøte i IL Hødd

Det blir årsmøte i IL Hødd, torsdag 18. februar kl. 18.00 på Høddvollhuset.

05.02 - Vi nærmar oss kamphelg

Etter snart 3 mnd med trening skal Hødd endelig ut i kamp. I helga er det Vinterturneringa 2010 som står på programmet i Sunnmørshallen. Laurdag kl 12.00 er det Kristiansund som er motstandar,medan det blir kamp søndag mot enten Byåsen eller Skarbøvik, avhengig av resultat laurdag. Kampstart søndag er 11.00 eller 13.00. Vi kommer tilbake til spelartropp når vi nærmer oss helga. Ta deg ein tur til Sunnmørshallen og støtt gutta i helga.

04.02 - Hareid - Hødd jr laurdag kl 12.00

Det blir eit svært ungt Hødd jr som stiller til kamp mot Hareid. Mange av dei eldste juniorspelerane er på skulereise med idrettsklassa til Spania, medan andre blir opptatt med A-laget sin kamp mot Kristiansund i Sunnmørshallen. Det betyr også at nokre av gutespelerane blir å sjå i aksjon mot Hareid. Så om du ikkje har planlagt tur til Ålesund for å sjå A-laget laurdag, har du eit godt alternativ på Hareid.

03.02 - Hødd-fest fredag 12. februar

Vedlagt invitasjon til Hødd-festen som blir arrangert neste fredag, den 12. februar kl. 18.30 på Høddvollhuset. Invitasjon neste side.

Besøk vår generalsponsor Sparebanken Møre
Hovudsponsorar:
Besøk vår hovedsponsor Odim
Besøk vår hovedsponsor Island Offshore
Besøk vår hovedsponsor Rolls Royce
Besøk vår hovedsponsor Jets
Besøk vår hovedsponsor Kleven Maritime
Besøk vår hovedsponsor Umbro
Besøk vår hovedsponsor Sunnmørsposten
Besøk vår hovedsponsor Ulstein
Samarbeidspartnarar:
Besøk vår samarbeidspartner Tussa
Besøk vår samarbeidspartner Sparmax
Besøk vår samarbeidspartner Quality Hotels - Ulstein

Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digital kommunikasjon as