
Før kampen: Jerv - Hødd
Laurdag reiser laget på ny tur og bortekamp mot Jerv søndag. Kampstart kl. 15.00! Toppfotball
Hødd-laget delte poenga med FK Eik Tønsberg i først serierunde på bortebane, og då var sesongen i gang - og forventninga var då store inn mot årets første heimekamp på Høddvoll.
Mange hadde tatt turen til Høddvoll for å sjå eit lag beståande av fleire lokale spelarar, og eit lag med ein offensiv tilnærming til spelet, samanlika med fjoråret. Ca. 1000 tilskodarar møtte opp og det var god stemning på Høddvoll i strålande solskin.
Brann 2 skulle vise seg å vere farlege i kontringsfasen, og tok tidleg leiinga. Kort tid etter kom Hødd tilbake etter scoring av Robin Hjelmeseth. Dessverre var bortelaget svært effektive både i kontringsfasen og på dødball, og laga gjekk til pause med stillinga 1-3 til Brann 2. Etter pause forsøkte Hødd-laget å kome tilbake i kampen og skapte nok sjansar til å score fleire mål mot laget frå Bergen. Dessverre for Hødd kom der berre ei scoring i andre omgang, og tapet kom derfor overraskande for svært mange. Men til tross for tapet har stemninga blant publikum og andre vore positiv etter det Hødd viste til tider i kampen med offensiv og sjansekapande fotball.
Etter ei god treningsveke og litt justeringar inn mot kampen mot Jerv, så trur vi at Hødd-laget kjem sterkt tilbake gjer ein god kamp søndag.
Bileteserie Hødd - Brann 2











No venta Jerv og årets andre bortetur i PostNord-ligaen, og hovudtrenar Marius Bøe delar sine tankar før kampen.
Her blir det Hødd-songar, livesending og allsang med Hødd-hymna før kamp!
Vi ønskjer laget lukke til i bortekampen mot Jerv!