Billettinformasjon Hødd - AaFK

Slik sikra du deg billett til NM kampen mot AaFK!

Onsdag 24. april kjem OBOS-liga laget AaFK på besøk til Høddvoll i 2. runde i NM. Eit skikkeleg lokaloppgjer i vente og dette kan du ikkje gå glipp av! 

Kjøp kampbillett her!

 
BILLETTINFORMASJON
 
Vi minner om at ALLE må kjøpe billett til kampen. Sesongkortet gjeld ikkje i NM. Berre dei med akkreditering, NFF kort eller dei to hovudsponsorane for NM, Kiwi og Thon Hotels har tilgang til fribillettar. 
 
Alle som har sesongkort vil få ein e-post frå TicketCo onsdag kl. 10.00, der ein kan sikre seg plassen eller plassane sine. Siste frist for å kjøpe er fredag kl. 14.00! Etter dette vil reservasjonen bli sletta.
 

Vi oppmoda alle om å kjøpe billett gjennom vårt billettsystem på nett eller mobil via TicketCo appen. Kjøp billett på førehand for å unngå billettkø på kampdag!

Ønskjer du å kjøpe billett på kampdag, så gjer du dette på vårt billettkontor frå kl. 16.00, men då er vår anbefaling at du møter opp i god tid i forkant for å unngå kø ved billettkontoret. 

TRENGER DU HJELP?

TicketCos supportavdeling hjelper deg med tekniske problem ved bestilling og kjøp. E-post: [email protected].
 

Ta kontakt med Hødd Fotball om du har andre spørsmål knytt til kampen eller billettkjøpet. Send ditt spørsmål til [email protected] eller ring oss på telefon 99 54 21 59 (kvardagar 09.00 - 16.00).

Annonse fra Obos-ligaen: