Gratis inngang for alle under 18 år

Ingen barn og unge skal måtte betale for å sjå Hødd sine kampar, uavhengig av kva klubb ein representerer i regionen!

KLUBBEN FOR HEILE REGIONEN

"Vi kan ikkje gjere alt, men vi kan gjere noko i samarbeid med deg"
"Kvar dag - saman for regionen"
 

Som ein del av vårt berekraftsprosjekt som blir lansert til våren, så er eitt av tiltaka at alle barn og unge under 18 år skal få gratis inngang på Hødd sine kampar!

Det å få eit tidleg forhold til Hødd er viktig, ein arena der ein får sett heltane sine - det gjer noko med folk, spesielt for barn og unge. 

Vi ønskjer derfor at barn og unge skal ta tilbake Høddvoll, få gode opplevingar og vere den 12. mann i saman med Blåsarane og publikum på stadion. 

Det å skape ein supporterkultur blir ikkje bygd over natta, og til tidlegare ein får eit forhold til det, til fleire blir med å synger, flagga og bidreg til å heie fram dei blåkvite!

Møt opp i klubbfargane dine - og ta del i spenninga på stadion!

Slik sikra du deg gratisbillett

For at vi skal få registrert alle i billettsystemet, så ber vi om at alle aktive hentar ut sine billettar her:
 

Skriv inn minklubb24 i promo-kode feltet og du vil få tilgang til gratis kampbillettar. 

Det aller enklaste er nok at lagleiarane hentar ut kampbillettar til sitt lag, men dette er opp til kvart enkelt lag og klubb å bestemme sjølve.

Billettane vil bli gjort tilgjengeleg seinast 5 dagar før arrangementet starta.

Sesongkort til klubbane

Alle klubbane på Søre Sunnmøre vil også få utdelt 2 sesongkort kvar som ein kan nytte på Hødd sine kampar i 2024-sesongen. 

Meir informasjon til klubbane om korleis ein får tilgang til sesongkorta vil kome nærmare seriestart.

Annonse: