TUSEN TAKK FOR INNSATSEN I HØDD SEBASTIAN

Sebastian Nilsen gir seg i Hødd Fotball og er samtidig klar for Sandnes Ulf der han blant anna vil ha hovudansvaret for andrelaget.

Sebastian Nilsen forlenga med Hødd i januar der han takka ja som stillinga som spelarutviklar. Les meir om dette her!

No har han sagt opp stillinga si i Hødd og vil frå 1. mars fortsette trenaryrke sitt i Sandnes Ulf.
Hødd vil miste ein engasjert og dyktig trenar i Hødd-miljøet som har gjort ein strålande jobb for klubben sidan han kom til Hødd. Han var blant anna med på å bygge opp Høddskulen og har dei siste åra vore hovudtrenar for G16, samtidig som han har vore assistenttrenar for A-laget.

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- Sebastian har dei siste åra vore ein viktig kontinuitetsberar i Høddskulen og i Hødd. Sebastian vart tilsett ved oppstarten av Høddskulen og har levert frå dag 1. Ein flink og engasjert trenar som kanskje har sine største styrker i lagbygging og skal ha mye skryt for den jobben han har gjort med alle dei gruppene han har hatt gjennom åra. Det blir store sko og fylle og det skal vi jobba knallhardt for, samtidig som vi ønsker Sebastian lykke til videre i nye utfordringar i Sandnes Ulf.
 

Vi takkar Sebastian for ein strålande jobb i Hødd og ønsker han alt godt vidare i Sandnes Ulf!

 

Annonse: