SEBASTIAN HAR FORLENGA MED HØDD

Sebastian Nilsen forlenga med Hødd Fotball og har takka ja til stillinga som spelarutviklar.

Det overordna formålet med stillinga er å sørge for ein «blå tråd» i Hødd Fotball si spelarutvikling og få fram lokale spelarar til toppfotballen. 

Sebastian skal derfor sørge for å utvikle morgondagens Hødd-spelarar og eit ledd i dette vil han ha ansvar for:
-    Hødd Ekstra
-    Kretslag G15
-    Utviklingsgruppe G/J 15-19 år
-    UVS
-    Individuell oppfølging av enkeltspelarar
 

I tillegg vil han ha fleire arbeidsoppgåver knytt til rollene over.

Sebastian er glad for å bli med vidare:
- Eg er glad for å ha kome til einigheit med Hødd om ei ny kontrakt. Det skjer veldig mykje bra i klubben om dagen på fleire områder og eg gleda meg til å framleis vere ein del av dette framover. Eg går inn i ei litt annleis rolle enn det eg har hatt tidlegare, noko eg ser på som veldig interessant. Heia Hødd!
 
Sportssjef Jesper Törnqvist er godt nøgd med at Sebastian har forlenga kontrakta med Hødd:
- Det er med stor glede klubben har knyta til seg Sebastian med vidare. Meir fokus på enkeltspelarar er noko vi har hatt behov for dei siste åra. At vi får dette på plass vil gi klubben eit løft på fleire plan. Med Sebastian får vi ein fotballfagleg dyktig mann som har sine styrker i detaljer og i tydelegheit, og dette vil kome til nytte i denne rolla. Arbeidsoppgåvene ligger der og no planleggar vi for korleis vi skal gjennomføre dette på ein optimal måte. Vi kjem framleis til å sjå Sebastian mest ute på feltet der aktiviteten er og der han likar seg best!

 

Annonse: