
Toppkamp mot FK Eik Tønsberg
Laurdag er det toppkamp på Høddvoll mot FK Eik Tønsberg – bli med og støtt laget! Toppfotball
Hødd
Hødd viser storform med ni strake sigrar før toppkampen mot FK Eik Tønsberg laurdag. Etter ein litt trå start på sesongen har Hødd-laget verkeleg fått fart på sakene, er på tabelltopp og kan ta sin tiande strake siger om dei slår FK Eik Tønsberg laurdag. Det er ei imponerande rekke, og det viser at laget er i god utvikling og har tatt store steg utover sesongen.
Førre helg vart det ein solid og godt gjennom bortekamp mot Fløy-Flekkerøy der Hødd vann 3-0 til slutt etter scoring av Robin Hjelmeseth, Martin Håheim-Elveseter og Halvard Kvamme Urnes.
Til kampen mot FK Eik Tønsberg er også Hødd-kaptein Torbjørn Kallevåg tilbake etter at han måtte stå over med karantene sist.
Kjøp kampbillett her!
FK Eik Tønsberg
Bortelaget FK Eik Tønsberg har også hatt ein god sesong i år og har leie i toppen stort sett heile vårsesongen. Det nyopprykka laget frå Norsk Tipping-ligaen har imponert til tider, og derfor i lag med Hødd og Jerv dei laga som skil seg ut i toppen etter litt over halvspelt sesong.
Laget er ikkje i den beste forma og ikkje tatt meir enn 1 poeng i dei siste tre kampane. Det har blitt tap mot Lysekloster og Notodden, samt uavgjort mot Arendal. Siste sigeren kom borte mot Kvik Halden 15. juni då laget vann 2-0 på bortebane.
FK Eik Tønsberg har også tidlegare Hødd-spelar Marco Priis Jørgensen på laget. Han spelte for Hødd i to sesongar frå 2020 til 2021-sesongen før han gjekk vidare til Brattvåg og spelte to sesongar der. Vi ønsker Marco velkomen tilbake til Høddvoll.
Høgdepunkt frå bortekampen mot FK Eik Tønsberg
Hødd kom under 1-0 etter litt over halvspelt førsteomgang, men rett før pause fekk Hødd straffe. Her var Robin Hjelmeseth sikker frå straffemerket og sette inn 1-1 før laga gjekk til pause.
I andre omgang hadde begge lag sine store sjansar, men ingen av laga var nok kliniske framfor mål og det enda derfor med 1-1 og poengdeling i årets første seriekamp.

Ny duell laurdag
No venta det ny kamp mot FK Eik Tønsberg, men denne gangen på Høddvoll - vår heimebane! Eit skikkeleg toppoppgjer i PostNord-ligaen avd. 1 som du ikkje kan gå glipp av. Vi gler oss til toppkamp på Høddvoll!
Vi oppmoda derfor publikum til å fortsette og støtte laget, lage god lyd som sist og heie laget fram i kampen mot FK Eik Tønsberg!
Vi ønsker laget lukke til i kampen mot FK Eik Tønsberg!
-
25Rød
-
14Bjørdal
-
3Fjørtoft
-
16Hagen
50'
-
21Roppen
-
26Husø Johansen
-
29Aske
71'
-
22Brandal
48'
-
27Televik
|
Spelt S | Vunne V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | Form | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Egersund Egersund | 3 | 3 | 0 | 0 | 9 | 5 | 4 | 9 | V V V |
2 | Kongsvinger Kongsvinger | 3 | 2 | 1 | 0 | 9 | 1 | 8 | 7 | U V V |
3 | Lillestrøm Lillestrøm | 3 | 2 | 1 | 0 | 6 | 2 | 4 | 7 | U V V |
4 | Raufoss Raufoss | 3 | 2 | 1 | 0 | 7 | 5 | 2 | 7 | V U V |
5 | Start Start | 3 | 2 | 0 | 1 | 6 | 4 | 2 | 6 | V V T |
6 | Odd Odd | 3 | 2 | 0 | 1 | 4 | 3 | 1 | 6 | V T V |
7 | Aalesund Aalesund | 3 | 1 | 2 | 0 | 6 | 5 | 1 | 5 | U V U |
8 | Hødd Hødd | 3 | 1 | 1 | 1 | 3 | 4 | -1 | 4 | U T V |
9 | Stabæk Stabæk | 3 | 1 | 1 | 1 | 2 | 4 | -2 | 4 | U V T |
10 | Lyn Lyn | 3 | 1 | 0 | 2 | 4 | 3 | 1 | 3 | V T T |
11 | Sogndal Sogndal | 3 | 1 | 0 | 2 | 6 | 7 | -1 | 3 | T T V |
12 | Moss Moss | 3 | 1 | 0 | 2 | 4 | 9 | -5 | 3 | T V T |
13 | Mjøndalen Mjøndalen | 3 | 0 | 2 | 1 | 3 | 4 | -1 | 2 | T U U |
14 | Åsane Åsane | 3 | 0 | 1 | 2 | 3 | 6 | -3 | 1 | U T T |
15 | Skeid Skeid | 3 | 0 | 0 | 3 | 5 | 9 | -4 | 0 | T T T |
16 | Ranheim TF Ranheim TF | 3 | 0 | 0 | 3 | 1 | 7 | -6 | 0 | T T T |