Blåsarane klar for toppkamp

Blåsarane er klare for toppkampen mot FK Eik Tønsberg til helga, og seier dei skal gjere sitt for at laget skal få den støtta dei fortener i kampen.

Vi har i forkant av kampen mot FK Eik Tønsberg tatt oss ein prat med Blåsarane og Anett Wingsternes. Ho ser fram til kampen laurdag og oppmoda samtidig publikum til å bruke stemma slik at spelarane får den ekstra boosten dei trenger! 

Blåsarane er klare for kamp! Vi håpar på godt oppmøte, til tross for ferietid.

- Blåsarane går alltid på kamp med målet om å lage best og mest mogleg liv! Vi skal gjere vårt for å støtte gutane på bana. MiniBlå håpar vi også dukkar opp, dei er flinke til å lage liv dei også.

Vil det bli gjort noko ekstra inn mot denne kampen frå Blåsarane si side?

- Grunna ferietid, har Blåsarane ikkje gjort så mykje inn mot kampen. Men vi stiller med pyro og songstemmene våre klare på laurdag!

Blåsarane fekk også ekstra skryt av hovudtrenar Marius Bøe etter kampen mot Sotra. Korleis var det få ei slik tilbakemelding?

- Blåsarane sette veldig pris på at Marius Bøe skryt av oss og seie høgt at den innsatsen vi gjere på tribuna bidreg slik vi ønska at det skal. Vi står der i med og motgang - uansett, så at trenaren gir slike tilbakemeldingar til oss, gjere at vi får ekstra lyst til å lage liv på tribuna!

Bruk stemma dokka - Hei Hødd-gutane fram!

— Anett Wingsternes
Alle veit at støtte frå tribuna er svært viktig og kan løfte laget nokre prosent ekstra som kan bikke kampen i Hødd sin favør. Har du ei oppmoding til publikum før kampen laurdag?

- Førre heimekamp var det rett kjekt å oppleve god lyd og heiarop frå publikum! Om vi får til det same på laurdag, gir vi gutane den boosten dei trenger. Bruk stemma dokka - Hei Hødd-gutane fram! Kanskje vi klarer ein siger nr 10 på rad og skriv Hødd inn i historieboka når det kjem til rekord.

Bli med Blåsarane og MiniBlå, og syng med under kampen, og kanskje får vi meir å juble over etter kampen slik som i siste heimekampen mot Viking 2!


Annonse: