Tidenes seriestart

Bli med på tidenes seriestart når Hødd tek imot Raufoss i første serierunde i OBOS-ligaen!

HØDD - RAUFOSS

Endeleg er Hødd tilbake i norsk toppfotball og OBOS-ligaen, og klubben skal feire dette med tidenes seriestart på Høddvoll! 

- Vi har eit mål om å fylle stadion i første serierunde mot Raufoss og vi vil derfor ha fleire tiltak for å trekke folk til Høddvoll. Blant anna vil vi dumpe billettprisen til 50kr på heile stadion, seier marknad- og medieansvarleg, Andre Aurvåg Gardshol. 

Tiltak:
- Alle kampbillettar kr. 50,-
- VIP billettar kr. 400 (ordinærpris 750,-)
- Teiknekonkurranse 4.- 7. klasse for barneskulane i Ulstein Kommune
- Videokonkurranse for elevane på Ulstein ungdomsskule og Ulstein vidaregåande skule
 

- I tillegg har vi eit prosjekt i samarbeid med Norsk Toppfotball der vi ønsker å få minst 500 av dei 4500 studentane som går på Høgskulen i Volda på kamp. Her jobba vi med finansiering av buss slik at kampbilletten blir einaste kostnaden for studentane til denne kampen. I eit tid med stor prisauke i samfunnet håper vi dette kan vere eit fint tiltak inn mot studentane, seier Gardshol. 

Kampbillett
Det blir felles billettslepp i OBOS-ligaen for dei to første serierundane, torsdag 23. mars. Billettane til kampen mot Raufoss vil derfor bli lagt ut denne dagen. Følg med for å sikre deg billett til kampen!
 

Har du ikkje sikra deg sesongkort enda? Kjøp sesongkort her!

Meir informasjon om "Tidenes seriestart" vil bli publisert i tida framover.

Annonse: