Teiknekonkurranse barneskulane

Bli med på teiknekonkurranse i forkant av første seriekamp mot Raufoss og vinn flotte premiar til deg og din klasse!

Teiknekonkurranse

Hødd ønsker å utfordre alle elevane frå 4.- 7. klasse på alle barneskulane i Ulstein Kommune til å vere med på ei teiknekonkurranse i forkant av kampen mot Raufoss.

Her kan du og din klasse vinne flotte premiar! 

Premie
- Vinnaren av teiknekonkurransen vil få seg ein bag med flotte premiar og Hødd-effektar. 
- Klassa til den eleven som vinn vil også få pizza levert av Pizzabakeren.
 
Tema for teiknekonkurransen
Temaet er fotball. Utover det står elevane fritt til å velje kva dei vil teikne sjølve. Om det er noko frå din klubbkvardag, ei drakt, ein stadion eller ei oppleving du har hatt på Høddvoll, så teikn det ned, så blir du med i konkurransen.
 
Konkurransen går frå onsdag 15. mars til torsdag 30. mars. Hødd vil kome til skulane for å samle inn alle teikningane torsdag 30. mars.
 
Husk å merk teikninga med kva skule du går på, kva klassetrinn du går i og namnet ditt.
 
Vinnaren av teiknekonkurransen blir annonsert i pausen i kampen mellom Hødd og Raufoss.
 
Bli med! Kanskje er det du og din klasse som vinn!
Annonse: