Sesongkortsalet godt i rute
Gjer som 300 andre - kjøp sesongkort!
Marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol seier klubben nådde målet om 300 selde sesongkort på privatmarknaden før jul.
- Det har vore stor interesse for å sikre seg sesongkort i comebacksesongen i OBOS-ligaen. Det blir seld sesongkort kvar dag, men vi gir oss ikkje her. No er målet å selje jamt med sesongkort heilt fram til seriestart. Målet er 1000 kort inkludert sesongkorta til sponsorane før kampen mot Raufoss i første seriekamp. Då er vi ca på same nivå som sist vi var i OBOS-ligaen.
Kjøp sesongkort her!
Han minner samtidig om at rabatten på sesongkort går ut førstkomande søndag og etter dette vil prisane stige til normalpris.
- Søndag er siste dag med rabatt på sesongkort, så husk derfor å sikre deg sesongkort til ekstra god pris før fristen går ut!
I tillegg til sal på nett og mobil, vil også Hødd vere tilgjengeleg på Høddvollhuset for dei som trenger hjelp med fornying eller kjøp av sesongkort.
- Vi ynskjer å vere tilgjengeleg i størst mogleg grad for å hjelpe dei som har behov for det. Ta kontakt på telefon og e-post også om du ynskjer å kjøpe sesongkort, så skal vi få gitt deg eit svar så fort som råd.
Salstider Høddvollhuset:
Pris på sesongkort 2023 kan du sjå her!
Hødd 2 sine kampar i Norsk Tipping-ligaen er inkludert i sesongkortet. Du får derfor med deg heile 28 heimekampar på Høddvoll neste år!
Sesongkorta som ikkje blir fornya før 31. januar blir fristilte og gjort tilgjengelege for andre.
Diverse informasjon
Trenger du hjelp?
TicketCos supportavdeling [email protected] hjelper deg med bestilling av sesongkort og tekniske problem ved bestilling og kjøp.
Ta kontakt med Hødd Fotball om du har andre spørsmål knytt til sesongkort for 2023-sesongen. Send ditt spørsmål til [email protected] eller ring oss på telefon 995 42 159 (kvardagar 09.00 - 16.00).