Det smelle på Høddvoll allereie i runde 1

Her er dei første reaksjonane blant folk på neste års terminsliste i OBOS-ligaen!

Vi har lodda litt stemninga blant fleire etter terminlista for OBOS-ligaen vart presentert fredag. 

Ørjan Heiberg
- Mange tøffe og kule oppgjer i vente. Det smelle på Høddvoll allereie i runde 1, og lista vidare med godbitar gleda vi oss veldig til! No skal det jobbast godt gjennom vinteren for å bli klare!
 
Anett Wingsternes
- Fornøgnde med å få opningskampen heime mot Raufoss. Kjedeleg å ikkje få 16. mai kampen heime, men heldigvis «kort» reiseveg til kampen borte mot Sogndal. Oppsettet elles ser bra ut med tanke på laurdag/ søndag og vekedagskampar. Det kjipe blir å avslutte sesongen med bortekamp. Alt i alt er eg fornøgd og gleda med til seriestart! Blir forhåpentlegvis også ein god del bortekampar på meg neste år.
 
Peder Nersveen
- Gleda meg vanvitig til alle kampar, og å oppleve stemninga på Høddvoll i OBOS-ligaen. Kristiansund heime i oktober blir nok også eit høgdepunkt som eg gleda meg veldig til.
 
Ole Monrad Alme
- Eg synst oppsettet ser bra ut. Det blir ein artig sesong. Mykje bra fotball å sjå fram til.
 
Solveig Sundgot
- Einaste eg kan kome med er at eg gler meg for første gang i mitt liv til å reise til Kristiansund. I tillegg blir det i god Sundgot-ånd planlagt familieferie for å få med seg Mjøndalen – Hødd.
 
Jostein Alnes
- Det er flott at kampane starta kl. 15.00 og synes elles at det er fint med heimekamp i første seriekamp mot Raufoss. Elles bra terminliste for neste års kampar i OBOS-ligaen.
 
Joakim Skeide
- Synes terminlista ser bra ut. Raufoss heime i første kamp er eit kanonoppsett. Her luktar det krig og 3 poeng. Litt kjedeleg med bortekamp mot Ranheim i siste serierunde, kan bli vrient om det vippar mellom direkte opprykk og kvalik.
 
Bendik Rise
- For vår del blir det ei tøff serieopning også i år med tre bortekampar på dei fire første. Og det mot lag som er forventa å vere i øvre sjiktet. Kampane mot Hødd vert uansett kjempeartig, med første oppgjer allereie i runde to. Det både gruar og gler eg meg til. Både for Hødd og Skeid er ikkje terminlista skremande. Det med bakgrunn i at det er få lag som skil seg ut verken i toppen eller i botnen. For begge lag vert det nok veldig mange jamne kampar.
 
Roy Victor Bikset
- Kjedeleg med bortekamp 16. mai for oss, men det får gå. Elles ser det ut til at vi møter nokså greie lag i første rundane. Måndagskampar er ugreit som borte mot Jerv. Kampar skal spelast i helgene slik vi får folk på stadion. Måndag 2. påskedag er fri uansett, så den er grei. Elles så gledes det til sesongen startar, og håper stallen blir komplett og at vi får ein solid start slik at det blir ein solid oppkøyring.
 
Evy Anne Dimmen Sundal
- Onsdag 9. august mot Sandnes Ulf blir nok ein tøff kamp.
 
Lidar Wingsternes
- Oppsettet ser ikkje så verst ut med heimekamp mot Raufoss og elles nokre kampar i starten som burde vere overkommelege. Elles så er fordeling av kampdagar betre enn frykta sjølv om måndag- og onsdagskampar ikkje er så publikumsvennleg. Hadde også eit håp om heimekamp 16. mai, men mogleg for mange å ta ein tur til Sogndal.
Annonse: