Sesongkort 2024

Frå fredag 26. januar kl. 10.00 kan du sikre deg sesongkort til 2024-sesongen!

Sesongkort 2024

Alle som hadde sesongkort i 2023-sesongen vil få ein e-post eller SMS frå TicketCo med meir informasjon om korleis ein kan fornye sesongkortet sitt.

Pris på sesongkort 2024 kan du sjå her!

Sesongkorta som ikkje blir fornya før fredag 23. februar blir fristilte og gjort tilgjengelege for andre.

Reduserte prisar på sesongkort

Prisen for eit sesongkort på hovudtribunen i 2024 er kr. 1750,- og då får du kr. 300,- i rabatt samanlikna med prisen for eit kort i 2023-sesongen.
 

Fornya du før 1. mars kan du også få 20% eller meir i rabatt ved kjøp av 2 eller fleire sesongkort!

 

KJØP SESONGKORT HER!

 

Hødd-pris

Er du trenar eller lagleiar i Hødd vil du få litt meir i rabatt frå første kjøpte sesongkort. Meir informasjon om korleis ein sikra seg sesongkort til Hødd-pris vil bli delt på Spond. 
 
*Dette tilbodet gjeld berre dei som har ei aktiv rolle som trenar eller lagleiar rundt laget.
 

Nytt av året er at alle barn og unge opptil 18 år får gratis inngang på Hødd sine kampar. Det betyr at grunnlaget for å vidareføre Familiekorta derfor fell bort.

Les meir om tilbodet her!

Trenger du hjelp?

TicketCos supportavdeling [email protected] hjelper deg med bestilling av sesongkort og tekniske problem ved bestilling og kjøp.
 
Ta kontakt med Hødd Fotball om du har andre spørsmål knytt til sesongkort for 2024-sesongen. Send ditt spørsmål til [email protected] eller ring oss på telefon 995 42 159 (kvardagar 09.00 - 16.00).
Annonse: