SERIESTART: - Godt gjort er betre enn godt sagt

Søndag er det endeleg klart for første serierunde når vi tek imot Senja på Høddvoll.

Etter om lag fem månader med tolmodigheit og hardt arbeid, kan vi omsider sparke i gong sesongen. Kampen startar 13.30 på Høddvoll og vi oppmodar alle som skal på kamp om å møte opp i god tid. Hovudtrenar Kevin Knappen er klar.

- Det føles bra endeleg å kome i gang. Vi har gjort det vi skal og er klare til kamp! 

Han er også fornøgd med arbeidet som er lagt ned hittil i år.

- Vi har fått jobba i fred og ro, og dersom vi ikkje hadde vore fornøgde, så hadde vi gjort ein dårleg jobb. Samtidig var vi spente på korleis vi ville sjå ut i treningskampane, men også dei er eg fornøgd med, seier Kevin.

Knappen gler seg til kamp, og ser fram til å vise kva laget kan ute på bana framfor å prate om det.

- No handlar det om å levere når vi spelar om poeng. Vi har snakka oss nok opp, men det med god grunn. Eg meiner vi har eit betre kollektiv i år og har fleire strengar å spele på, spesielt offensivt. Så må vi sjølvsagt vidareføre det gode defensive arbeidet frå i fjor. Uansett, godt gjort er betre enn godt sagt, smiler hovudtrenaren.

*Kampbillett kan du sikre deg her

Hødd har spelt tre treningskampar der alle har enda med siger. Søndagens motstandar har spelt heile fem kampar, men berre vunne éin av dei. I tillegg har dei spelt to uavgjorte og tapt to. Kjetil Warholm, som er Senja sin hovudtrenar, trur likevel dei kan skape trøbbel for mange lag denne sesongen.

- Første serierunde er som regel prega av mykje vilje og tenning. Vi satsar på å kome med mykje energi og håper å få Hødd ut av rytmen offensivt. Vi har også ei spennande angrepsrekke med mykje x-faktor som vi trur kan gi utfordringar for mange lag denne sesongen, seier Warholm.

Hødd har tilnærma full tropp, med berre eit par mann ute og nokre som akkurat er tilbake frå skade og sjukdom. Kampen kan du sjå på Høddvoll 13.30 (billettinfo). Om du ikkje har moglegheit til å møte opp fysisk, kan du også sjå den på Vikebladet eller Sunnmørsposten sine nettsider

Vel møtt og god kamp!

Annonse: