
BILLETTINFORMASJON HØDD - FK SENJA
Søndag 20. juni kjem FK Senja på besøk og vi har den glede av å ønske deg velkomen til årets første seriekamp på Høddvoll!
HØDD - FK SENJA
Søndag 20. juni kjem FK Senja på besøk og vi har den glede av å ønske deg velkomen til årets første seriekamp på Høddvoll! Kampstart kl. 13.30.
Det blir no opna for 2000 tilskodarar på faste tilviste plassar og vi opnar derfor billettsalet i dag til kampen mot FK Senja.
KJØP BILLETT HER!
Både hovudtribuna og Sparebanken Møre tribuna blir opna og det skal til ei kvar tid vere eitt sete mellom kvar tilskodar. Dette gjeld også for personar frå same familie/ husstand. Blåsartribuna blir dessverre ikkje opna i denne omgang, då vi må forholde oss til faste tilviste plassar. Blåsarane vil derfor få plass på Sparebanken Møre tribuna.