Joakim: - Mykje energi å spore om dagen

Måndag spelar Hødd borte mot Vålerenga 2 - eit lag som Hødd vann 3-0 mot på Høddvoll i april.

Etter ein periode med litt stang ut, så kom Hødd tilbake på vinnarsporet borte mot Frigg og følgte opp denne sigeren med å slå Levanger 2-1 på Høddvoll sist. 

No ventar bortekamp mot Vålerenga 2 i morgon og Træff neste helg, før laget tek imot Asker på Høddvoll til "Årets kampdag" laurdag 10. september.

Les meir om Årets kampdag her!

No blir det viktig å halde trykket opp i dei komande kampane, og når Ull/Kisa gjorde jobben borte mot Alta søndag, så er berre 3 poeng godt nok om 1. plassen framleis skal vere innan rekkevidde.

Og første hinder er Vålerenga 2 i morgon - eit lag som Hødd vann 3-0 mot på Høddvoll i april.

- Måndag kl. 16.00 spelar vi ein tøff bortekamp mot Vålerenga sitt rekruttlag. Dei har normalt sett med alle frå benken i Eliteserien på heimekampane sine, så vi forventa eit sterkt heimelag!

- Dei siste vekene har vi hatt høgt nivå på treningane, og det er stor speleglede og mykje energi å spore om dagen. Vi går som alltid for 3 poeng i morgon!, seier hovudtrenar Joakim Dragsten.

VÅLERENGA 2

Vålerenga 2 har hatt ein OK sesong og er før kampen mot Hødd på 11. plass. Det er ei luke på 6 poeng ned til nedrykk. Bærum og Asker kjem jagande bak og plassen til rekruttane er nok ikkje heilt sikra enda.

Utfordringa med å møte andrelag er at motstandarlaget ofte skiftar på laget, og varierer med å stille med eit sterkt- og eit svakare lag. Spesielt på Intility Arena stiller Vålerenga 2 med eit sterkare lag enn det som er tilfelle i bortekampane til laget. Det blir derfor ein tøff bortekamp som ventar måndag!

SLIK SER DU KAMPEN

Kampen kan du sjå på Brygga Sportsbar i Ulsteinvik - møt opp i saman med andre Hødd-supporterar og bli med å støtt laget i kampen om nye 3 poeng!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å kome på kampen (*krever abonnement).

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Vålerenga 2!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2022 AVD. 2

  • VÅLERENGA 2 - HØDD

  • INTILITY ARENA

  • 29.08.2022 KL. 16:00

Annonse fra Obos-ligaen: