Årets kampdag

Velkomen til årets kampdag på Høddvoll!

Hødd - Træff kl. 14.00
Hødd - Asker kl. 17.30

Vi gleda oss stort til å arrangere årets kampdag den 10. september på Høddvoll. Då skal både damelaget og herrelaget spele heimekamp, og vi invitera deg til fotballfest på Høddvoll 👊💥⚽️

Først møter damene Træff kl. 14.00, før herrane avsluttar årets kampdag mot Asker kl. 17.30.

Det blir GRATIS inngang på begge kampane og vi ynskjer å skape ei fantastisk ramme rundt kampane som vert spelt denne dagen.

Etter damekampen blir det arrangert ein parade for spelarane i barne- og ungdomsavdelinga med aktivitetar som skotradar og presisjonsskot.

Det blir også gratis is til barna, grilling for å dei som treng ein matbit mellom kampane, og VIP før herrekampen.

STØTT HØDD
Vi invitera privatpersonar og bedrifter til å vere med å støtte Hødd på "ÅRETS KAMPDAG" med å bidra med eit kronebeløp pr. tilskodarar eller med eit fast kronebeløp.

GI DITT BIDRAG HER!

 

GRATIS KAMPBILLETT
 

Bli med på folkefesten i Ulsteinvik og Høddvoll denne helga. Ei skikkeleg Hødd-helg for liten og stor med stor aktivitet på Høddvoll

HEIA HØDD

 

Annonse: