Masse sjølvtillit inn i gruppa etter to strake sigrar

Etter sigrar over Oslo-laga Skeid og Kåffa ser det litt lysare ut for A-laget før tøffe kampar framover.

- To strake sigrar betyr masse for gruppa vår med tanke på sjølvtillit og trua på oss sjølv som lag. Dette må vi ta med oss inn i nye tøffe kampar utover hausten, seier Joakim. 

Og akkurat dette med tøffe kampar får ein verkeleg erfare i dei to neste kampane borte mot Fredrikstad og deretter mot Kongsvinger på Høddvoll.

- Vi møter då dei to beste laga i ligaen. Dette vert ein god test på både sjølvtillit og lagmoral. Desse kampane krev maksprestasjonar av oss, men vi har vist tidlegare i sesongen at vi kan ta poeng mot alle laga i divisjonen. Mot FFK og KIL har vi så langt i år tatt fire poeng. FFK er skikkeleg i dytten og ser ut til å ha funne ut av ting offensivt, i tillegg til stadig solid og trygt forsvarsspel. Men vi skal ha fokus på oss sjølv og bygge på gode opplevingar frå dei siste kampane.

Hødd har henta inn eit par nye i sommar, og er Joakim no komfortabel med den stallen han har?

- Vi har ei bra gruppe, med ein fin miks av etablerte spelarar, nokre som er ferske på dette nivået og nokre som framleis er i stor utvikling og kan ta dette nivået etter kvart. Så er det framleis ei veke igjen av overgangsvinduet så ting kan alltid skje, både inn og ut. Vi får nesten berre sjå…

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot FFK!

Annonse: