Før kampen: Fredrikstad - Hødd

Søndag spelar Hødd ny kamp i OBOS-ligaen når laget møter Fredrikstad borte.

Annonse:
KAMPFAKTA
Kamp: Fredrikstad - Hødd
Bane: Fredrikstad stadion
Dato: Søndag 27. august
Tid: Kl. 17:00
 

Hødd står med to strake sigrar og har verkeleg stått fram som eit lag med energi, løpskraft, duellstyrke og vilje i dei to siste kampane mot Skeid heime og KFUM borte. Dette har resultert i 6 poeng og 3-0 i målforskjell.

Mot Skeid var Hødd det førande laget og vann kampen til slutt 2-0 heilt fortent. Mot KFUM var heimelaget favoritten på førehand, men Hødd var effektive framfor mål, og var botnsolide bakover i bana, og heimelaget skapte knapt ein sjanse løpet av kampen. Ein skikkeleg sterk laginnsats av Hødd-laget!

Godta informasjonskapsler for å se video

Fredrikstad er også i god form og tok ein sterk siger borte i toppoppgjeret mot Kongsvinger sist. Laget toppar derfor OBOS-ligaen med 3 poengs luke til Kongsvinger.

Laget frå Plankebyen har våre botnsolide bakover i år, og har slept inn desidert minst mål i årets serie med sine 13 baklengsmål. Laget har heller ikkje tapt heime på Fredrikstad stadion i år.

I heimekampen mot FFK var Hødd svært nære med å ta 3 poeng. Berre eit uheldig sjølvmål på overtid hindra at alle poenga vart igjen på Høddvoll. Kampen enda derfor med 1-1.

Godta informasjonskapsler for å se video

No venta ein ny kamp mot FFK på Fredrikstad stadion. Korleis denne kampen går kan du sjå på Brygga Sportsbar, TV2play eller på Nettavisen (Direktesport). 

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot FFK!

Annonse fra Obos-ligaen: