Mål om 300 selde sesongkort før jul

Det er stor pågang og interesse for å sikre seg sesongkort til comebacksesongen i OBOS-ligaen!

Marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol kan melde om gode salstal så langt. 

- Vi er godt i rute med målet om 300 selde sesongkort før jul og vi vil halde trykket oppe med sesonkortsal ei god periode framover. 

Han seier vidare at mange nye har sikra seg sesongkort til neste sesong.

- Det er veldig gledeleg at mange av dei som hadde sesongkort sist vi var i OBOS-ligaen no har sikra seg sesongkort igjen. I tillegg ser vi fleire av dei som kjøpte billett til siste og avgjerande opprykkskampen mot Tromsdalen også har vore inne å kjøpt kort. Dei som hadde sesongkort i 2022 fornyar også dagleg sine kort. Vi kan derfor seie interessa er stor for å bli med Hødd tilbake i toppfotballen. 

I tillegg til sal på nett, så vil også Hødd vere tilgjengeleg på Høddvollhuset for dei som trenger hjelp med fornying eller kjøp av sesongkort. Det blir også lagt opp til salsrundar på Blåhuset og AMFI-senteret i tida framover. Det er derfor gode moglegheiter for å sikre seg sesongkort før jul.

- Vi ynskjer å vere tilgjengeleg fleire plassar i tida framover slik vi når ut til flest moglege målgrupper. Er du usikker på kva du skal kjøpe i julegåve, ja då er kanskje eit sesongkort den perfekte gåva seier André med eit glimt i auge.

Ekstra gode rabattar fram til og med fredag 6. januar.

- Vi legg også opp til ekstra god rabatt på sesongkort ei tid framover og her kan ein derfor spare mykje samanlikna med å kjøpe enkeltbillettar neste år. Prisane på sesongkort vil også bli justert til normalpris frå 7. januar, så løp og kjøp!

Kjøp sesongkort her!

Annonse: