
Sesongkort 2023
Fra onsdag 9. november kl. 10.00 kan du sikre deg sesongkort til 2023-sesongen!

ENDELEG TILBAKE I NORSK TOPPFOTBALL
Hødd Fotball ønsker å takke for all støtte i 2022-sesongen og håpar å sjå deg på Høddvoll også i 2023!
Sist vi var i OBOS-ligaen hadde vi eit snitt på rundt 2 500 tilskodarar og etterspørselen etter sesongkort og billettar blir nok ikkje mindre denne gongen heller.
Vi håpar derfor at du kjøper sesongkort, sikra deg plass på stadion og blir med å støtta laget i ein spennande sesong!
Sesongkort 2023
Det blir ekstra gode prisar på sesongkort fram til og med fredag 6. januar!
Etter dette vil prisen gå tilbake til normalpris.
Pris på sesongkort 2023 kan du sjå her!
Hødd 2 sine kampar i Norsk Tipping-ligaen er inkludert i sesongkortet. Du får derfor med deg heile 28 heimekampar på Høddvoll neste år!
*Alle som hadde sesongkort i 2022-sesongen vil få ein e-post eller SMS frå TicketCo onsdag kl. 10.00 med meir informasjon om korleis ein kan fornye sesongkortet sitt.
Sesongkorta som ikkje blir fornya før 31. januar blir fristilte og gjort tilgjengelege for andre.