Lokaloppgjer mot Volda

Eit skikkeleg lokaloppgjer i kveld på Høddvoll når Volda kjem på besøk!

I kveld spelar damelaget ny seriekamp i 2. divisjon og motstandar er Volda. Eit skikkeleg lokaloppgjer i vente! 

Det blir open kiosk, speakerteneste og storskjerm under kampen.

Kampstart kl. 19.00!

HØDD

Hødd har fått ei god start på sesongen med 4 poeng etter tre serierunder. Dei første 3 poenga kom i serieopninga mot Blindheim der laget vann 3-1. Tapet kom i bortekampen mot Træff, noko som var svært ufortent etter spel og sjansar. Hadde laget hatt litt meir marginane med seg kunne laget fått med seg noko meir frå den kampen.

Laget var også klart best når serieleiar Tynset gjesta Høddvoll sist, men også i denne kampen hadde laget litt stang ut. Uansett ein flott prestasjon som laget kan bygge vidare på inn mot dei neste kampane mot Volda og Tiller.

Midtbanespelarane Ragnhild Ertesvåg og Helena Nygård har verkeleg stått fram med gode prestasjonar i det siste og begge to blir nok viktige brikka i laget som skal ut å kjempe om 3 poeng mot Volda i kveld.

Hødd-kaptein Ragnhild Ertesvåg seier dette før kampen:
- Vi er spenna klar for lokaloppgjer mot Volda. Mot Tynset hadde vi ein god prestasjon, men framfor mål ville det berre ikkje. Vi tek med oss den gode følelsen inn mot Voldakampen onsdag. Vi går for tre poeng!
 
Her ser vi Ragnhild Ertesvåg mot Tynset sist. Foto Arne Flatin
Her ser vi Ragnhild Ertesvåg mot Tynset sist. Foto Arne Flatin

VOLDA

Volda har fått ein tøff start på sesongen med tap mot Tiller (4-0) og Rosenborg 2 (0-3). I kveld venta det lokaloppgjer mot Hødd, som oftast er jamnspelte kampar, og vi trur på ganske likt kampbilete også i dag. Trenar for laget er Ole Per Kragset som var i Hødd tidlegare og han seier dette før kampen:

- Tøff veke med tre kampar på ei veke. Alltid tøffe kampar mot Hødd, og det blir det nok i kveld også. Vi gler oss til ein god og spanande kamp, som forhåpentlegvis bikkar vår veg i kveld. 

KAMPBILETE

Vår spådom er at Hødd styrer mykje av banespelet og at vi får sjå eit bortelag som ligg kompakte i forsvar og satsa på kontring.

Det blir derfor spanande å sjå kva resultatet blir i kveldens kamp. Noko resultat er vanskeleg å tippe i dagens kamp, men vi håper på Hødd siger og nye 3 poeng!

SLIK SER DU KAMPEN PÅ TV

Vi oppmoda alle med blått hjerte 💙  om å møte opp på Høddvoll. Bli med å støtt laget i kampen mot Volda!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (*krever abonnement).

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Volda!

KAMPSPONSOR

 

Annonse: