
Kampsponsor Fjord1
Fjord1 deler ut gratis svele, vareprøver og giveways i kampane mot Volda og Træff denne veka!
Hovudsponsor Fjord1 er kampsponsor i kampane mot Volda (A-lag damer) og Træff (A-lag herrer) denne veka. I den forbindelse vil dei dele ut gratis sveler, vareprøver og giveaways.
På biletet over ser vi nokre av produkta som vi vil levere ut gratis på kamp.
Marknad- og medieansvarleg i Hødd, André A. Gardshol ønsker å takke Fjord1:
- Vi er stolte av å ha med Fjord1 i Hødd, og veldig kjekt at dei vil bidra utover sponsorsbeløpet dei er inne å støttar klubben med. I kampane mot Volda og Træff får vi levert eit stort antal sveler og vareprøver, og i tillegg vil vi dele ut giveaways under kampane. Ein fin måte å marknadsføre Fjord1 på og synleggjere det flotte samarbeidet med Hødd. Vi takkar Fjord1 for sveler, vareprøver og giveaways!
Har du lyst på ei svele, vareprøve eller få utdelt Fjord1 effektar? Ta turen til Høddvoll då vel!
KAMPSPONSOR
