
Klare for lokaloppgjer
Hødd er i god form før laurdagens bortekamp mot Brattvåg.
I helga er det klart for lokaloppgjer for herrelaget når vi møter Brattvåg laurdag 16.00. Hødd har no vunne tre kampar på rad etter tapet for Kongsvinger. Laget har også holdt nullen i samtlige av kampane, noko som lovar bra for haustsesongen. Oskar Løken har scora fire mål på dei kampane og er i god form saman med resten av laget.
- Dei siste kampane har vi vorte meir effektive framfor mål, i tillegg til at vi er botnsolide defensivt. Eg har blitt spelt god av gode lagkameratar, det er viktig å få med. Nøkkelen no er å ikkje sleppe oss ned som lag og halde fram den gode forma, seier Oskar.

*Hugs også at du kan vere med å bidra til årets kamp
Den komande kampen er ikkje enkel. Lokaloppgjera mot Brattvåg er ofte jamnspelte kampar, noko den også var i den første kampen i år. Då tok Hødd ein knepen 1-0-siger og med det alle tre poenga den gongen.
- Brattvåg blir ingen enkel kamp. Dei er nok revansjelystne etter tapet sist. Så vi må vere påskrudd og levere varene også der. Gjer vi det, så går det forhåpentlegvis bra, meiner han.
Billettinformasjon finn du her
Når det er lokaloppgjer vil det også vere ein del Hødd-supporterar på tribuna, noko som er viktig for laget. Blåsarane har også sett opp busstur til kampen slik at dei som ønsker kjem seg til Brattvåg.
- Det hjelper sjølsagt stort. Gir dei oss ein "heimebane"-følelse der, så får vi ein ekstra boost og det er bra!
Kampstart er 16.00 i Brattvåg, så vi håper å sjå deg der! Dersom du ikkje har anledning til å reise, så kan du sjå kampen på Vikebladet eller Sunnmørsposten.
Heia Hødd!