Årets kamp 2021

Søndag 12. september er det klart for toppkamp på Høddvoll når vi tek imot Kongsvinger. I den anledning inviterer vi til folkefest med gratis inngang for alle på Høddvoll.

Aktivitetar for små og store, FIFA-turnering, VIP-arrangement, elbil-messe, Sunnmøres største korps, Puma-shop, grilling, gratis is til borna og toppkamp i PostNord-ligaen. Det er noko av det du kan få med deg søndag 12. september på Høddvoll.

Vi håper å kunne fylle Høddvoll og skape kjempestemning på Høddvoll. Derfor vert det GRATIS INNGANG til denne kampen, der både bedrifter og privatpersonar kan vere med å bidra.

Du kan vere med å støtte klubben ved å bidra med eit valfritt kronebeløp per tilskodar som kjem på kampen. Beløpet som du vel gongast med antal tilskodarar og blir di støtte til Hødd. Målet er å fylle stadion så mykje som mogleg innanfor gjeldande retningslinjer.

Registrer ditt bidrag her

Døme på bidrag:
- 1 kr x 1500 tilskodarar = 1500 kr
- 0,25 kr x 2000 tilskodarar = 500 kr
- 0,5 kr x 1500 tilskodarar = 750 kr
*Det er også mogleg å bidra med eit enkeltbeløp for organisasjonar dersom det er ønskelig.

Her kan du registrere ditt bidrag

Dermed kan du vere med å bidra både ved eit beløp og ved å møte opp til kamp. Ved å bidra med eit kronebeløp til kampen, er du også med i trekninga av flotte premiar.

Har du spørsmål om Folkekampen? Ta kontakt med Peder Nersveen ([email protected]) eller André Gardshol ([email protected]).

Annonse: