Joakim: - Hødd skal spele offensiv og framoverretta fotball

Hovudtrenar Joakim Dragsten er klar for seriestart! Les siste intervjuet med han før det brakar laust mot Gjøvik-Lyn i serieåpninga laurdag!

Vi har i dag tatt oss ein prat med hovudtrenar Joakim Dragsten om sesongen som no endeleg kjem i gang! 

Etter ein lang vinter og oppkøyring til sesongen er det endeleg klart for seriestart mot Gjøvik-Lyn i dag. Det skal vel bli godt å endeleg kome i gang sesongen?

- Alle gleda seg veldig til å kome i gang med seriespel. Både vinteren og oppkøyringa i Norge er uendeleg lang!

I vinter har det blitt spelt fleire treningskampar og det har blitt terpa mykje detaljar på treningsfeltet. Korleis føler du oppkøyringa har vore, og har du fått den responsen frå spelargruppa og dei svara du ønsker før det brakar laust mot Gjøvik-Lyn?

- Oppkøyringa har vore bra med stor progresjon i både prestasjonar i trening og kamp. Vi har introdusert ein del nye tankar på ulike delar av spelet, og då kan det ta litt tid for laget å bli samspelte med nye føringar. Men spelargruppa er svolten, mottakeleg og lærevillig, som gjer at vi er trygge på at dette vil bli veldig bra!

Mange er spente på korleis Hødd skal stå fram på bana i år og etter fleire gode prestasjonar i vinter er optimismen stor blant dei mange som følgjer Hødd. Kva skal kjenneteikne årets Hødd-lag?

- Hødd skal i år kjenneteiknast ved offensiv og framoverretta fotball, men mykje vilje, innsats og energi. Vi skal også evne å angripe på ulike måtar for å kunne handtere ulike typar motstandarar. Det betyr nok at ein heime på Høddvoll kan sjå eit heimelag med litt meir ballbesetande mot lågtliggande lag, men vi skal alltid spele for å score mål og vinne kampen!

No ventar Gjøvik-Lyn til årets første seriekamp i PostNord-ligaen. Kva veit vi om dagens motstandar?

- Vi veit mykje om GjøvikLyn, spesielt med tanke på at Ørjan i fjor kjempa med dei om opprykket frå Norsk Tipping-ligaen. Dei spelar ein fysisk og tøff fotball, og er veldig gode i kontringsspelet.

Er det nokon av spelarane på heimelaget som ein bør sjå ekstra opp for?

- Nr. 8 Lee Nelson er ein veldig god midtbanespelar i PostNordligaen, med stor frekvens og forflytningsevne. I tillegg er nr. 7 Lekaj ein god spiss med eit godt skot.

Ein god start er alltid viktig – og då bør vi vel starte med å ta 3 poeng mot Gjøvik-Lyn?

- Vi kjem alltid til å gå for 3 poeng gjennom heile sesongen, også seriestarten på laurdag.

Etter rapportane er fleire av medlemane i Blåsarane Supporterklubb på veg nedover for å støtte laget. Det er vel positivt?

- Det er heilt fantastisk at Blåsarane tek turen for å støtte laget! Vi gleda oss til å vise oss fram for dei! 

Vi takkar hovudtrenar Joakim Dragsten for praten, og ønsker han og laget lykke til i kampen mot Gjøvik-Lyn!

Annonse: