Serieopning mot Gjøvik-Lyn

Laurdag starta alvoret og kampen om 3 poeng! Her er siste nytt før morgondagens bortekamp!

Endeleg er det klart for seriestart etter ei lang oppkøyring med fleire treningskampar. No er det poeng det skal kjempast om og Hødd-laget virka å vere i rute og er tippa å kjempe i toppen om opprykk. Vi gler oss!

Kampstart 13.00!

Les meir om morgondagens kamp under.

HØDD

Hødd har gjennomført gode treningskampar i vinter og laget har hatt fin progresjon i spelet frå den første kampen til den siste kampen i generalprøva mot Øygarden.

I morgondagens intervju vil du kunne lese meir om kva hovudtrenar Joakim Dragsten seier om oppkøyringa til sesongen og morgondagens serieopning mot Gjøvik-Lyn!

Laget starta dagen i dag med ei lett økt og ein god lunsj på Høddvollhuset. I 12-tida reiste laget vidare i retning Gjøvik med buss og laget skal vere godt førebudde til det som ventar i kampen laurdag. 

GJØVIK-LYN

Heimelaget gjorde reint bord i fjorårets sesong og vann 13 av 13 seriekampar i Norsk Tipping-ligaen. På sine 13 seriekampar scora Gjøvik-Lyn 49 mål og slepte inn 9 mål. Det er solide tal, men nivået i PostNord-ligaen er nok høgre, og vi tippa klubben har som målsetjing om å sikre plassen og etablere seg i divisjonen. 

Lagets hovudtrenar er Espen Haug. Han har med seg Chris Coates og Leif Tore Linnerud som assistenttrenarar. Keepertrener er Tor Oddmar Lillereiten.

*VG har gjort sine vurderingar av alle laga i PostNord-ligaen. VG sitt tips er at Gjøvik-Lyn endar på 9. plass. Les meir om den totale vurderinga av alle laga her!

Hovudtrenar Joakim Dragsten om Gjøvik-Lyn: 
- Eit lag som spelar ein fysisk og tøff fotball, og er veldig gode i kontringsspelet.
 

Vi trur derfor at Hødd vil styre mykje av spelet i morgon og at heimelaget vil ligge kompakt defensivt og satse på kontring. Balansen i laget blir derfor viktig når ein er i angrep for å unngå for store rom til å få kontring i mot på. 

Vi trur heimelaget stiller med same start 11ar som i generalprøva mot Kvik Halden.

BILLETTINFORMASJON

Dette skriv Gjøvik-Lyn på Facebook:
- Publikum skal bruke søndre port, den gamle tre-porten
- Billettar kan kjøpast kontant eller med Vipps 103286
- Billettpris: vaksne kr 100,-, student/barn u 16/honnør kr 50,-
 

BLÅSARANE PÅ VEG

Vår 12 mann Blåsarane er på veg for å støtte laget! Vi håper også alle andre som bor i nærheita også tek turen på kamp. Bli med Blåsarane å syng med under kampen! 

SLIK SER DU KAMPEN PÅ TV

Vi oppmoda alle med blått hjerte 💙 som ikkje skal til Gjøvik om å møte opp på Brygga Sportsbar å sjå kampen der. Til fleire som er der, til bedre stemning blir det!

Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (*krever abonnement).

Det vil også bli oppretta ein kamptråd på vår Facebook-side der ein kan følgje dei viktigaste hendingane frå kampen.

Etter kampen vil det bli lagt ut kampreferat frå enten Vikebladet Vestposten eller Sunnmørsposten.

Vi ønsker laget lykke til i kampen mot Gjøvik-Lyn!

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2022 AVD. 2

  • GJØVIK-LYN - HØDD

  • GJØVIK STADION

  • 09.04.2022 KL. 13:00

Annonse: