Før kampen: Hødd–Haugesund
Det er duka for storkamp på Høddvoll laurdag 18. april kl. 14.00 når Haugesund står på motsatt banehalvdel. Dette blir ein kamp med tempo, trøkk og temperatur – møt opp og løft laget fram. Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Kampen vert spelt på Høddvoll laurdag 18. april klokka 14.00, og billettar kan kjøpast her. Han vert òg vist på TV 2 Play.
Det er klart for storkamp på Høddvoll når opprykksfavoritten Haugesund kjem på vitjing. Klubbane møttest sist i cupen i 2012, då Hødd vann borte i kvartfinalen og sidan vart noregsmeister. Då spelte Sivert Heltne Nilsen for Hødd, og OBOS-ligaens største profil returnerer no til Høddvoll med Haugesund. I ligaen er det heile 18 sesongar sidan Hødd og Haugesund møttest.
Hødd vann serieopninga 2–1 heime mot Sandnes Ulf framfor 1113 tilskodarar på Høddvoll. Isak Skotheim og Sean Nilsen-Modebe skåra for Hødd, i det som òg var debuten til Felt Blå.
I helga vart det tap i årets første bortekamp mot Moss. I ein sjansefattig kamp på graset på Melløs var det heimelaget som fann nettmaskene éin gong. Dermed står Hødd med tre poeng etter dei to første kampane, noko som må seiast å vere ein grei start.
Haugesund rykte ned i fjor etter 16 strake sesongar i Eliteserien. Kvittrøyene ønskjer å gjere opphaldet i OBOS-ligaen så kort som mogleg, og har signert sterkt rett før seriestart. Tidlegare Hødd-favoritt Sivert Heltne Nilsen kom frå Aberdeen, medan Niklas Sandberg og Stian Molde kom frå høvesvis Sarpsborg 08 og Fredrikstad.
Det har resultert i to strake sigrar i seriestarten: først 4–2 borte mot Lyn, og deretter ein sterk 4–2-siger heime mot Strømsgodset førre helg. Sory Diarra har vore eit fyrverkeri på topp. Landslagsspelaren frå Mali står med fem skåringar og éin målgjevande pasning til no.