Sivert: - Gler meg veldig
Sivert Heltne Nilsen returnera til Høddvoll for fyrste gong sidan 2013, og ser fram til midtbaneduellen mot Torbjørn Kallevåg. Foto: FK Haugesund Toppfotball
Korleis blir det å vende tilbake til Søre-Sunnmøre og Høddvoll?
- Eg gler meg veldig! Eg har ikkje møtt Hødd etter at eg reiste derifrå. Sjølv om Brann spelte mot dei i 2015 medan eg var der, var eg skadd då. Det blir kjekt å kome til Høddvoll og sjå alle folka igjen. Det er ein stad som betyr mykje for meg.
- Eg er takksam for tida eg fekk i Hødd. Hadde det ikkje vore for den perioden, hadde eg ikkje fått oppleve alt eg har gjort på fotballbana. Det skal Hødd, og folka i og rundt klubben, ha æra for. Eg har utruleg mykje å takke Hødd for, og det gjer det ekstra spesielt å møte klubben – sjølv om konkurranseinstinktet sjølvsagt er stort laurdag.
No er du ein av dei største profilane i OBOS-ligaen. Kva var det som lokka deg til Haugesund?
- Eg veit ikkje om eg er det, men eg fekk ei god kjensle då eg snakka med Haugesund og kjende meg veldig ønskja. Det motiverte meg å bli med på eit nytt prosjekt. Eg opplever at det å gå inn i nye prosjekt har vore ein suksessfaktor i karrieren min – det å vekse inn i ei rolle saman med laget. Det har fungert veldig bra før, og det var den same kjensla eg fekk no i Haugesund.
- Eg likar også måten dei ønskjer å jobbe på. Det er mange likskapar med Hødd – ein god treningskultur og ein klubb som tek vare på spelarane sine. Det blir som ein familie, og det gav meg kjensla av at eg kjem til å trivast godt.
De har starta sesongen veldig bra!
- Ja, vi har fått to sigrar og ein god start, men vi er likevel ikkje heilt nøgde med prestasjonane. Det er kjekt å vinne, samstundes som ein kjenner at ein framleis har meir å gå på.
Korleis ser du på kampen mot Hødd?
- Eg såg kampen deira mot Sandnes Ulf, og då syntest eg Hødd såg bra ut. Det er eit lag der fleire spelarar har spelt saman over lengre tid, og eg har tru på laget. Vi er førebudde på ein tøff kamp. Dei har òg fått inn fleire spennande spelarar offensivt, så eg trur Hødd kjem til å få ein god sesong.
Mange ser også fram til duellen mellom deg og Torbjørn Kallevåg på midtbana?
- Ja. Eg har faktisk ikkje spelt saman med Torbjørn, bortsett frå på romjulscup i Volda, men vi kjenner kvarandre. Kalle er ein spelar vi må vere merksame på. Han er frå Bømlo utanfor Haugesund, noko som også gjer kampen ekstra spesiell for han.
- Eg synest Torbjørn er ein svært god spelar og ein motor på dette Hødd-laget – ein vi må klare å stoppe. Så eg ser verkeleg fram til den duellen!