Før kampen: Hødd – Kongsvinger

Etter ein av sesongens beste prestasjonar mot Egersund ventar ei ny utfordring på Høddvoll. Søndag kjem tabelltoar Kongsvinger på besøk til ein viktig kamp i jakta på nye poeng i OBOS-ligaen.

Annonse:

Kampen blir spelt på Høddvoll søndag 14. juni klokka 16.00. Billettar kan kjøpast her. Oppgjeret blir også sendt på TV 2 Play. 

Hødd ligg på sjuandeplass på tabellen, rett bak kvalifiseringsplassane. Kongsvinger er nummer to og innehar den siste direkte opprykksplassen. Det er utgangspunktet før laga møtest på Høddvoll i den 11. serierunden i årets OBOS-liga. 

Hødd står med tre sigrar, to uavgjorde og to tap på dei sju siste kampane. På Høddvoll har dei blå-kvite teke sju poeng på dei tre siste kampane. Sist vart det 3–1-siger mot Egersund i det som kanskje var Hødd sin beste prestasjon så langt denne sesongen. 

Framover på bana har fleire spelarar markert seg. Isak Skotheim og Villum Dalsgaard står med tre scoringar, medan Cameron Streete har tre nettkjenningar. Jesper Robertsen toppar assiststatistikken i Hødd med tre målgjevande pasningar. 

Mirza Mulac og Matthew Scarcella har begge fått tre gule kort denne sesongen. Sistnemnde signerte også ny kontrakt med Hødd denne veka. 

Kongsvinger satsar på opprykk også i år. Klubben har nådd kvalifiseringsspelet tre sesongar på rad, og i fjor var dei svært nær ein plass i Eliteserien. 

Dei raud-kvite har vore prikkfrie på heimebane og står med full pott på Gjemselund. På bortebane har dei derimot avgitt poeng, med to sigrar, to uavgjorde og eitt tap på fem kampar. 

Ludvik Langrekken og Daniel Job er lagets toppscorarar så langt med fem mål kvar. I tillegg har tre spelarar notert seg for tre scoringar. 

Siste fem oppgjer mellom laga: 

2025, OBOS-ligaen: Kongsvinger – Hødd 3–0 
2025, OBOS-ligaen: Hødd – Kongsvinger 0–2 
2023, OBOS-ligaen: Hødd – Kongsvinger 2–1 / Mål: Larsen, Mogensen 
2023, OBOS-ligaen: Kongsvinger – Hødd 0–3 / Mål: Skeide, Skotheim, Urnes 
2021, PostNord-ligaen: Hødd – Kongsvinger 0–0
 

Skadar og suspensjonar: 

Ingen Hødd-spelarar er suspenderte til oppgjeret. Vegard Håheim Elveseter og Tage Johansen er ute med langtidsskadar. 

Annonse fra Obos-ligaen: