Vi fyller hovudtribuna – Heile Ulsteinvik på kamp!
Bli med å fyll hovudtribuna! Toppfotball Billettar og kampdagsinfo
Ulsteinvik er ikkje ein storby.
Likevel har vi noko mange berre kan drøyme om: toppfotball på eiga heimebane.
Hødd er flaggskipet i bygda. Eit samlingspunkt som skapar stoltheit, opplevingar og engasjement langt utover dei 90 minutta på bana.
Dersom vi skal vi ha toppfotball i Ulsteinvik også i framtida, må heile lokalsamfunnet omfamne klubben i endå større grad.
Hødd har supportarar over heile Sunnmøre, i resten av landet og ute i verda. No treng laget først og fremst støtte frå folket heime.
På Høddvoll har laget imponert.
Vi har eit lag som spelar attraktiv og offensiv fotball framfor eit trufast publikum. No ønskjer vi å samle endå fleire.
Difor har vi eitt mål mot Kongsvinger:
Vi skal fylle hovudtribuna!
Vi utfordrar dei faste supportarane til å ta med ein ven.
Vi utfordrar bedriftene til å invitere med dei tilsette.
Vi utfordrar alle aktive, foreldre og Hødd-vener til å møte opp.
Og vi håpar du som ikkje har vore på kamp på ei stund, tek turen tilbake.
Dette handlar om meir enn éin kamp.
Det handlar om kva slags fotballframtid vi ønskjer i Ulsteinvik.
No mobiliserer vi.
No fyller vi Høddvoll.
Heia Hødd!