Før kampen: Hødd - AaFK
Hødd ynskjer å styrkje det historiske overtaket i lokaloppgjeret! Les deg opp før heimekampen mot AaFK.
Kampen vert spelt på Høddvoll laurdag 8. november kl. 16.00, og vert òg vist på TV 2 Play.
Det er venta publikumsrekord på nye Høddvoll når AaFK kjem på besøk i siste serierunde av årets Obos-liga. Den gamle rekorden stammar frå den første sesongen på nye Høddvoll i 2015, då 3003 tilskodarar såg Hødd–Brann i Obos-ligaen.
Hødd har ikkje anna å spele for enn æra, og gutane gler seg stort! Med siger kan dei blåkvite ende på 9. plass på tabellen. AaFK har presset på seg. Dei kan rykke direkte opp med siger og maks utteljing, men kan òg risikere å hamne på 5. plass ved tap.
Sidan 1968 har Hødd og AaFK møtt kvarandre 45 gonger i serien. Hødd har eit stort historisk overtak med 21 sigrar mot AaFK sine 12 sigrar. Poengdeling har skjedd 12 gonger.
Sist gong klubbane møttest på Høddvoll var i NM-cupen i april 2024. Då vann Hødd 1–0 etter ekstraomgangar.
Forrige oppgjer ser du nedenfor.
Skjer mykje
Det skjer mykje i Ulsteinvik og på Høddvoll før kampen og i pausa. Les deg opp på kva som skjer her!
Skadar og suspensjonar:
Ingen av våre spelarar er suspendert til kampen. Vi har heller ingen skadar å snakke om. Lagoppstillinga får du på våre sosiale medium éin time før kampstart.
Lagoppstilling
(kjem 75 minutter før kamp nedanfor)
-
1Alme
-
4Blikstad
-
2Riise
-
24Robertsen
68'
-
21Roppen
76'
-
23Gjerde
-
15Håheim-Elveseter
76'
-
19Holte
85'
-
11Rawufu
85'