Dette skjer på kampdag: Hødd - AaFK

Det er venta publikumsrekord på nye Høddvoll når AaFK kjem på besøk laurdag 8. november kl. 16.00. Her er info om kva som skjer før og under kamp.

Brygga i sentrum opnar kl. 13.00. Her kan du lade opp med drikke, mat og god stemning saman med Blåsarane før kamp. 

Vi opnar for inngang på Høddvoll 90 minutt før kampstart. Billettar kan du kjøpe her!

 

Er du Wattn-kunde får du 50% rabatt på billetten til kampen mot AaFK. Rabattkoda finn du enkelt i Wattn-appen.

 

Billettkontoret opnar 90 minutt før kampstart. 

Det vert standàr og aktivitetar i området utanfor billettkontoret før kamp. Her kan du kjøpe supporterutstyr i Hødd-teltet og spele fotball med vennar. Brimer stiller også med telt og vil dele ut giveaways på sin stand. Tare kjem innom. 

Det er nesten 200 påmeldte på VIP. Inngang ved billettkontoret. 

Gatelaget til Hødd møter gatelaget til AaFK kl. 14.50. Kampen går over 2 x 12 minutt. Kom og støtt gatelagsspelarane til Hødd og AaFK! 

Bortesupporterar har inngang ved Høddvoll Panorama. Inngang 4 og 5. AaFK har fått tildelt 1 300 billettar, og reknar med å selge ut. 

I pausa vert det utdeling av prisar til dei 10 laga som vart krinsmeister på Sunnmøre i 2025-sesongen. I tillegg vert det straffesparkkonkurranse med ordførar i Ulstein og Ålesund, samt Kjartan Lauritzen.

Dette skjer på kampdag:

  • Billettar kan du kjøpe her!
  • 14:30 - Stadion blir opna (billettkontor, billettscanning, VIP og aktivitetsområde)
  • 14:50 - Gatelagskampen Hødd - AaFK
  • 15:10 - Spelarane kjem ut til oppvarming
  • 15:45 - Oppvarming slutt
  • 15:50 - Lagoppstilling bortelag
  • 15:53 - Lagoppstilling Hødd
  • 15:54 - Innmarsj
  • 15:57 - Hødd-hymna
  • 16:00 - Kampstart Hødd - AaFK
  • 16:45 - Pause (utdeling av krinsmeisterskap og straffesparkkonkurranse)
  • 17:45 - Kampslutt
  • 17:50 - Ta del i dugnaden, ta med deg søppelet og kast det i næraste søppelbøtte

Velkomen til Høddvoll!

Annonse fra Obos-ligaen: