
Før kamp: Tromsdalen
Søndag er det heimekamp igjen når vi tek imot Tromsdalen på Høddvoll. Det er den siste motstandaren før vi startar med returkampane.
Etter ein sterk 4-0-siger over Eidsvold på torsdag, er karane igjen klare for kamp. Kampen på torsdag viste mykje bra for Hødd, der laget igjen heldt tett bakover.
- Vi fekk god utteljing mot Eidsvold. Det lugga litt framfor mål mot Fløya, så det var godt å få fire mål i denne kampen. At vi held nullen fortel mykje om laget vårt. Samtlige mann forsvarar seg godt og vi er trygge på oppgåvene våre. Det viser igjen i protokollen, seier Eirik Saunes.
Har du fått med deg «Årets kamp» på Høddvoll?
Sjølv om det er kort tid mellom kampane, så skal Hødd vere godt rusta for det. Denne gongen er det også likt for begge lag, då Tromsdalen også spelte på torsdag. Då slo dei Vålerenga komfortabelt 4-1. Med to sigrar på rad, ligg dei no på sjuande plass med ein kamp til gode til laga over. Eirik trur det kan bli liknande motstand som på torsdag.
- Vi veit kva vi møter, og det er likt Eidsvold. Forhåpentligvis vil vi kome til mange målsjansar og score fleire mål. Eg gler meg veldig til å spele på Høddvoll for å jakte tre nye poeng på søndag, seier han.
Eirik lovar også fleire mål etter at han fann nettmaskene sist kamp.
- Fleire mål blir det!
Avspark på Høddvoll er søndag 13.00. Billett til kampen kan du kjøpe her.
Det er også mulig å sjå kampen på Vikebladet eller Sunnmørsposten.
Velkomen til kamp!