Før kamp: Kvik Halden

Søndag reiser herrelaget til Østlandet for å møte Kvik Halden.

Etter storseier over Florø i midtveka er herrane igjen klare for kamp søndag. Med sju scoringar frå sju ulike målscorarar i den kampen, så skal sjølvtilliten vere i orden før søndagens oppgjer. Det skal likevel seiast at Hødd har slite litt i Halden dei siste sesongane, med tap i både 2019 og 2020. I denne sesongens første møte vann uansett overbevisande 3-0 på Høddvoll.

NB! Neste søndag er det klart for Årets kamp på Høddvoll.

Kvik Halden står med to sigrar, to tap og éin uavgjort på sine siste fem kampar, der dei tapte heile 6-2 i midtveka mot Bærum. Dermed er det nok eit revansjelystent heimelag vi møter søndag. Kvik Halden ligg no på sjuande plass, men har berre to poeng opp til Alta på tredje plass. Det skal dog seiast at blant anna Asker kan gjere andre- eller tredjeplassen til sin då dei har heile tre kampar til gode.

Hødd har dei aller fleste tilgjengeleg til søndagens kamp, inkludert Tobias Hestad som akkurat har signert på lån frå Molde. Og som vi veit, er dei fleste kampane i denne avdelinga tøffe, spesielt på bortebane. Men karane skal vere spenna klare for å ta med seg tre poeng heim i bagasjen!

Kampen kan du sjølsagt følge direkte på Halden Stadion – men også på Vikebladet eller Sunnmørsposten.

Heia Hødd!

Annonse: