Fire klubbutvikla spelarar – 90 minutt kvar

Då Hødd slo Stabæk 2–1 på Høddvoll, var det ikkje berre tre viktige poeng som stod igjen. Fire spelarar med bakgrunn frå Hødd-akademiet fekk spele samlege 90 minutt – eit sterkt bevis på kva klubben ønskjer å stå for.

Annonse:

Åsmund Dimmen Roppen, Mirza Mulac, Isak Skotheim og Martin Haaheim-Elveseter kjem alle under benevnelsen klubbutvikla spelarar. Tidlegare publiserte tal frå NFF viser at Hødd scorar høgt når det gjeld å gi eigenutvikla spelarar speletid på A-laget. 

– Fantastisk inspirerande 

Akademisjef Tarjei Smågesjø meiner kampen mot Stabæk viser at vegen frå akademiet til toppfotballen kan vere kort. 

– Det er fantastisk inspirerande å sjå eit A-lag som hevdar seg i OBOS-ligaen, og mot eit topplag i ligaen, med lokale spelarar. Det kjennest som det er kort veg for talent frå Søre Sunnmøre til toppfotball i Hødd, og at vi har ein trenar som tør å bruke dei, seier Smågesjø. 

For Hødd handlar det ikkje berre om å utvikle gode fotballspelarar, men også om å skape ein tydeleg samanheng mellom akademiet og A-laget. 

– Ein del av Hødd sin strategi 

Hovudtrenar Ivan Poulsen er også stolt over at fleire lokale spelarar har fått ein sentral plass på laget. 

– Det er kjekt å sjå at vi hevdar oss i OBOS-ligaen med fleire lokale spelarar i troppa. Det er vi stolte av, og det er også ein del av Hødd sin strategi, seier Poulsen. 

Mot Stabæk fekk strategien eit tydeleg uttrykk: Fire klubbutvikla spelarar på bana i 90 minutt – og tre poeng til Hødd. 

Det er både eit resultat å vere stolt av i dag, og eit teikn på at arbeidet for framtida gir resultat. 

Annonse fra Obos-ligaen: