Hødd høgt på bruk av eigenutvikla spelarar

Tal frå NFF viser status etter at halvparten av OBOS-ligaen og Eliteserien 2026 er spelt. Hødd scorar høgt når det gjeld å gi eigenutvikla spelarar speletid på A-laget, og er på 6. plass blant alle laga i OBOS-ligaen.

Annonse:

Det er lag frå dei større byane i OBOS-ligaen som scorar høgare enn Hødd: Stabæk, Strømsgodset, Odd, Sandnes Ulf og Haugesund.

Tala viser at Hødd ligg høgt samanlikna med mange andre lag i OBOS-ligaen når det gjeld å gi eigenutvikla spelarar speletid på A-laget.

Hødd sine tal ville også plassert klubben på øvre halvdel i Eliteserien.

Bildet viser prosentdelen av den totale tilgjengelege speletida på A-lagsnivå, fordelt på tre kategoriar:

  • Klubbutvikla spelarar
  • Spelarar utvikla i Noreg
  • Utanlandske spelarar

Forklaring: Med klubbutvikla/eigenutvikla spelarar meiner ein, i tråd med UEFA sine retningslinjer, spelarar som har vore i klubben i minimum tre år i alderen 15–21 år.

Tala og statistikken er henta frå NFF v/ Niklas Nyland.

 

Annonse fra Obos-ligaen: