
Dette skjer på kampdag
Her er ei oversikt over alt som skjer laurdag - når Hødd møter Lillestrøm til storkamp på Høddvoll! Toppfotball OBOS Fanzone+

OBOS Fanzone+ starta kl. 15.00 på Kulturallmenningen og her vil det vere stor aktivitet for alle som kjem innom. Det blir konkurransar, utdeling av giveaways og masse spennande som skjer. Kanskje klarer du også å slå driblefanten Isak?
Bli med og vinn flotte premiar under årets OBOS Fanzone+!
Vi deler også ut gratis is, skulebollar, marsipankake og leskedrikk til dei 250 første som kjem innom OBOS Fanzone+ 😊
Vi fyrer også opp grillen, og her blir sal av grillmat og drikke.
Det er meldt strålande flott vær, det blir program frå scena, musikk, og bord og benkar blir satt opp – så her ligg alt til rette for at alle barn, unge, familiar og alle supporterar skal få ein minnerik dag i sentrum før kamp.
Ein stor takk til OBOS, Norsk Toppfotball og Norgesexpo for at vi får arrangere OBOS Fanzone+ i forkant av storkampen mot Lillestrøm.
Vi retta også ein stor takk til Kiwi, Spar og Rema 1000 som sponsa gratisvarer til arrangementet, Ulstein Kommune for godt samarbeid, og BUA, Brimer, Elkjøp, Intersport, MOT, Quality Hotel Ulstein og Sparebanken Møre for at dei stiller med stand!

Vi ønsker Lillestrøm og Kanarifansen hjarteleg velkomne til Høddvoll.
Kjøp kampbillett her
OBOS deler også ut tre gåvekort på kr. 1 000,- som blir trekt blant dei som skal på kampen. Lodda blir delt ut ved billettinnsjekk. Trekninga skjer i pausen.
Tusen takk til OBOS for sponsing av tre gåvekort!
I pausen blir det også ein prat med Jan Åge Fjørtoft, Magnus Myklebust og Lars Ivar Moldskred som alle har spelt for både Hødd og Lillestrøm.
I tillegg venta ei overrasking i pausen – stay tuned 😊
Velkomen til ein minnerik dag i Ulsteinvik og på Høddvoll.