Bytt fotballsko – gratis og miljøvennleg

Tenk miljø og bytt fotballsko gratis under OBOS Fanzone+ i Ulsteinvik sentrum i forkant av storkampen mot Lillestrøm 14. juni!

Hødd og BUA Ulsteinvik ønsker i fellesskap å rette eit ekstra fokus på berekraft under årets OBOS Fanzone+. Kom innom standen til BUA og bytt inn dine fotballsko – gratis og miljøvennleg.

- I eit tid der prisane stig i samfunnet, så ønsker både Hødd og BUA å tilby eit alternativ som er gratis under Fanzone. Her kan alle barn i aldersgruppa 6-10 år kome innom og bytte fotballsko. Fokuset på gjenbruk er derfor sentralt her, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.

Vi håper derfor dei som har anledning til å donere bort eit par brukte fotballsko kan levere inn desse på Ulstein Arena i tidsperioden 6.- 12. juni. Desse fotballskoa vil bli brukt når ein skal bytte fotballsko på BUA sin stand under Fanzone.

  1. Lever inn fotballsko på Ulstein Arena i tidsperioden 6.-12. juni.
  2. Alle fotballsko må vere reine når dei blir levert inn.
  3. Aldersgruppa 6-10 år.

På BUA sin stand vil ein også kunne prøve ulike aktivitetar som BUA tilbyr og låner ut i lokalet sitt.

Kom innom, bytt fotballsko, prøv ulike aktivitetar og delta på konkurransar på standen til BUA.

 

Annonse fra Obos-ligaen: