Billettinformasjon Hødd - Molde FK

Slik sikra du deg billett til søndagens NM kamp mot Molde FK!

HØDD - MOLDE FK
Søndag 1. august kjem Eliteserielaget Molde FK på besøk til Høddvoll i 2. runde i NM. Det blir eit spanande oppgjer mellom to gode lag søndag! Vi ønsker deg derfor hjerteleg velkomen til Høddvoll! 
 

Dørene opnar kl. 14.30.

BILLETTINFORMASJON
Vi minner om at ALLE må kjøpe billett til kampen. Sesongkortet gjeld ikkje i NM. Berre dei med akkreditering, NFF kort eller dei to hovudsponsorane for NM, Kiwi og Thon Hotels har tilgang til fribillettar. 
 

Vi oppmoda alle om å kjøpe billett via vårt billettsystem på nett eller mobil via TicketCo appen. Billettsalet starta torsdag kl. 13.00!

Det blir også mogleg å sikre seg kampbillett på Høddvollhuset på følgjande tidspunkt:
Torsdag 13.00 - 15.30
Fredag 09.00 - 15.30
 

Det blir ikkje mogleg å kjøpe kampbillett på Høddvollhuset utanom desse tidene. Dette gjeld også på kampdag, då administrasjonen er opptatt med andre arbeidsoppgåver knyta til arrangementet. Ønsker du å kjøpe billett på kampdag, så gjer du dette på vårt billettkontor frå kl. 14.30, men då er vår anbefaling at du møter opp i god tid i forkant for å unngå kø ved billettkontoret. 

BILLETTPRIS
Hovudtribune
Vaksen - 150kr
Barn/ honnør/ student - 75kr
 
Sparebanken Møre tribunen
Vaksen - 100kr
Barn/ honnør/ student - 50kr
Bortesupportar - 100kr
 

Tilreisande bortesupporterar vil kunne kjøpe billett på FELT I og J. For meir informasjon om billett til bortelaget, sjå eiga sak det her!

KJØP KAMPBILLETT HER!

 
SMITTEVERN
Både hovudtribuna og Sparebanken Møre tribuna blir opna og det skal til ei kvar tid vere eitt sete mellom kvar tilskodar. Berre stolar som er merka med ein kvit lapp skal nyttast. Dette gjeld også for personar frå same familie/ husstand. Sjå derfor bort frå plassen som står på billetten din.
 

Vi ber om at du følger anvisninga frå vakt/vert-mannskapet når du kjem på stadion og nyttar plassen du blir tildelt innanfor gjeldande smittevern. Møt derfor opp i god tid før kampstart for å sikre deg ein god plass på stadion!

Bortesupporterar vil vere fysisk adskilt frå dei andre på Sparebanken Møre tribunen og vil derfor ha eigen kiosk og toalett under kampen.

PRESSEBORD
Vi gjer merksam på at presseborda berre er reservert for Presse eller akkrediterte personar og det er derfor strengt forbode for andre personar enn dei med presseakkreditering å nytte desse plassane under arrangementet! 
 

Vi er spenna klar for kamp og håper også du tek turen denne dagen å støttar dei blåkvite til avansement til 3. runde i NM!

HEIA HØDD!

Annonse: