Billettinformasjon bortesupporterar

Slik sikra du deg billett til søndagens NM kamp mot Molde FK!

HØDD - MOLDE FK
Hødd Fotball ønsker Molde FK, Tornekrattet og supporterar frå Molde hjerteleg velkomne til Høddvoll søndag! 
 

Dørene opnar kl. 14.30.

BILLETTINFORMASJON
Vi oppmoda alle om å kjøpe billett via vårt billettsystem på nett eller mobil via TicketCo appen. Billettsalet starta torsdag kl. 13.00!
 
Ønsker du å kjøpe billett på kampdag, så gjer du dette på vårt billettkontor frå kl. 14.30, men då er vår anbefaling at du møter opp i god tid i forkant for å unngå kø ved billettkontoret. 
 
Sparebanken Møre tribunen
Bortesupportar - 100kr
 

Tilreisande bortesupporterar vil kunne kjøpe billett på FELT I og J, og Molde FK får tilgang til 175 billettar til NM kampen, der 145 av desse vil bli lagt ut for sal torsdag kl. 13.00. 

KJØP KAMPBILLETT HER!

 
SMITTEVERN
Både hovudtribuna og Sparebanken Møre tribuna blir opna og det skal til ei kvar tid vere eitt sete mellom kvar tilskodar. Berre stolar som er merka med ein kvit lapp skal nyttast. Dette gjeld også for personar frå same familie/ husstand. Sjå derfor bort frå plassen som står på billetten din.
 

Vi ber om at du følger anvisninga frå vakt/vert-mannskapet når du kjem på stadion og nyttar plassen du blir tildelt innanfor gjeldande smittevern. Møt derfor opp i god tid før kampstart for å sikre deg ein god plass på stadion!

Bortesupporterar vil vere fysisk adskilt frå dei andre på Sparebanken Møre tribunen og vil derfor ha eigen kiosk og toalett under kampen.

PARKERING BORTESUPPORTAR
Hødd Fotball vil reservere parkeringsplass til to supportarbussar utanfor Høddvollhuset og dette vil vere i kort avstand til inngang til Felt I og J. Privatbilar som kjem til stadion vil bli guidet av parkeringsvaktene til enten Høddvoll panorama, eller til ein av parkeringsplassane ved Høddvollhuset eller Ulsmohallen. 
 
Det er ikkje tillatt å gå tilbake til bussen før etter kampslutt. Bussen skal under heile kampen vere låst.
 

Vi er spenna klar for kamp og gleder oss til å ta imot Molde FK søndag!

LYKKE TIL PÅ KAMP!

Annonse: