Wembangomo til Brattvåg

Hødd Fotball og Brattvåg er einige om ein utlånsavtale for Hugues Wembangomo som gjeld ut 2017-sesongen.

Prioriteringar av studier skal vere hovudårsak. Forkurs i mai/ juni i Oslo og frå august av vidare studier i Bergen. 

Avtalen gjeld ut 2017-sesongen.

Sportsjef Brattvåg

Eg vil takke Hødd for eit godt samarbeid og god dialog. Det har våre ein fin prosess med utlånsavtalen. Alle partar er fornøgde, seier Sportsjef i Brattvåg, Per Gidlund.

Wembangomo

Er fornøgd med å bli Brattvåg spelar. Hovudårsaka for overgangen er at logistikken rundt skulegongen min blir enklare i Brattvåg.

Vil takke Hødd for alt og synst det er synd at eg ikkje får vere med på opprykket i år, seier Wembangomo.

Annonse: