Vinn reisegåvekort på kr. 10 000,-

I år lanserer vi Kampdagslotteriet som skal gå gjennom heile sesongen - og her kan du vinne store premiar på slutten av året!

Vinn reisegåvekort på kr. 10 000,-

Har du ein draum om å reise til varmare strøk, ein storbyferie eller kanskje ein fotballtur med familie eller vener til England?

Det kan bli ein realitet om du vinn førstepremien i kampdagslotteriet!

Frå i dag av kan du kjøpe lodd til vårt kampdagslotteri, og for berre kr. 20,- kan du vinne flotte premiar på slutten av året. I tillegg blir det trekt ut ein heldig vinnar kvar veke gjennom sesongen som kan vinne seg eit Hødd-skjerf. 

Heimebaneprosjektet - eit krafttak for berekraft

Inntekta går til klubbens berekraftsarbeid og Heimebaneprosjektet. Meir om dette prosjektet kjem snart.

Slik får du kjøpt lodd

Du kan velje om du vil kjøpe lodd på førehand eller når du kjem på kamp. For å kjøpe lodd allereie i dag kan du taste inn Vippsnr.: 539845 eller bruke QR-koda nedanfor. Ta vare på kjøpskvitteringa - det er loddet ditt.

Vinnarane av hovudpremiane vil bli lagt ut på www.hodd.no og blir kontakta fredag 29. november når trekninga er gjennomført. 

Tusen takk for premiar

Ein stor takk til G Travel som bidreg med førstepremien til kampdagslotteriet. I tillegg må vi rette ein stor takk til Elkjøp, Tussa, AMFI Ulsteinvik, Blåhuset, Vikebladet Vestposten, Car Wash, Kokk´n Roll og Pizzabakeren som har bidrege med premie. 

Om fleire bedrifter vil bidra med premiar til kampdagslotteriet, ta kontakt med marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol. 

Har du ikkje sikra deg billett til neste kamp?

 

Kjøp kampbillet her!

 

Velkomen til Høddvoll!

Kampdagslotteriet_premieoversikt.jpg

 

Annonse: