Viktig kamp for Damelaget

Kan ta eit stort steg mot opprykkskvalifisering mot FK Sykkylven på Høddvoll onsdag kl. 19.00.

Onsdag kveld kjem FK Sykkylven til Høddvoll for å møte Hødd i 3. divisjon. Kampen er svært viktig for Hødd, som med siger vil vere veldig nære å sikre kvalifiseringsspel om opprykk til 2.-divisjon.

Det er Herd 2 som toppar avdelinga framom Hødd, men sidan førstelaget spelar i divisjonen over kan ikkje dette laget rykke opp. Dermed står det i utgangspunktet mellom tre lag før dei siste seriekampane denne sesongen, med Hødd i førarsetet.

Sist veke slo nemleg Herd 2 Ravn heile 7-1, medan HaNo slo Blindheim 2-0. Det sikra at Hødd framleis har to poengs luke ned til Ravn og fire ned til Blindheim.

Hødd-siger onsdag vil sikre at Blindheim er ute av dansen, men laget kan framleis spele ei rolle i kampen om kvalifiseringa. For onsdag spelar Blindheim heime mot nettopp Ravn. Skulle denne kampen ende med poengdeling eller Blindheimsiger, samstundes som Hødd gjer jobben heime, vil det føre til at kvalifiseringa blir sikra allereie i kveld.

Hødd sin motstander er ikkje inne i noko god periode, og står no med fem strake tap. Ein må likevel vere obs på at laget lenge var med i toppen av avdelinga, og at dei starta sesongen med seks sigrar på sine åtte første kampar. I Sykkylven var det likevel Hødd som var sterkast, og som vann 2-0 etter tidlege scoringar frå Anna Nerland Aahjem (bildet) og Pia Notanes Brandal.

Dersom Hødd skulle sikre kvalifisering vil laget møte avdelingsvinnaren frå 3.-divisjon i Nordmøre og Romsdal. Der ser det ut til å stå mellom Surnadal/Søya/Todalen og CFK/Dale. Molde 2 er også med i toppen, men som for Herd 2 i Hødd si avdeling har Molde lag også i 2.-divisjon.

Kampstart er altså kl. 19.00.

Annonse: