Vegard Heltne legg opp

28-åringen legg skoa på hylla grunna skadeproblem.

- Eg har vore skadeplaga siste åra, og den siste skada var meir alvorleg enn eg trudde. Difor har eg bestemt meg for å legge opp. Eg har tenkt på det ein månads tid, og tok avgjerda for nokre dagar sidan. Akkurat no er det sjølvsagt rart og tungt, for det var ikkje slik eg såg det for meg. Samtidig vil eg nok ikkje merke det skikkelig før oppkøyringa startar i januar, og eg ikkje skal vere med, seier Vegard.

Heltne kom til Hødd frå Hasundgot som guttespelar i 2005.

- Det var eit fantastisk år med Arnfinn Ingjerd som guttetrenar.

To år seinare, i 2007, fekk han sin seriedebut for A-laget heime mot Nardo i sesongens siste kamp for eit opprykksklart Hødd.

- Kva tenkjer du var din beste sesong i Hødd-trøya?

- Då vil eg trekke fram 2010-sesongen. Eg mista dei første seks-sju kampane grunna kyssesyke, men spelte resten av kampane den sesongen. Eg hadde mange målpoeng, og vart også kåra til "Årets Høddar" etter sesongen.

Vegard har rekorden for det raskaste gule kortet i ein cupfinale, men noregsmeisteren har ein annan kamp han vil trekke fram som den han vil hugse best.

- Ja, det må verte siste heimekamp i 2012-sesongen, og nest siste i sesongen. Det var den kampen som heldt oss i OBOS-ligaen. Vi måtte slå Sandefjord på Høddvoll, og vann 1-0. Eg scora målet.

- Mange, inkludert Hødd-trenar Sindre Eid, har uttalt at du er ein trenartype. Og ein person som har forutsetningar til å nå langt om det bestemmer deg å satse innanfor trenaryrket. Får vi sjå deg i fotballen framover?

-  Eg jobbar på Hasund skule, men kjem nok til å engasjere meg innanfor fotballen. Mest sannsynlig i Hødd-miljøet, men i kva rolle veit eg ikkje. Eg kjem nok til å etterkvart utforske litt rundt ei trenarkarriere, så det kan absolutt vere ei muligheit. Sindre har betydd enormt mykje for meg gjennom dei 10 åra. En god trenar og en fantastisk samtalepartner.

- Kva tenkjer du om at det no er slutt på spelarkarriera?

- Det eg kjem til å savne mest er garderobekulturen og kompisane der. Det er nesten slik at med alderen vert det viktigare enn sjølve fotballen. Men eg har hatt mange gode år i Hødd, og trivselen har vore der i heile perioda, avsluttar Vegard.

Fasiten i Hødd-trøya vart 218 kampar og 24 scoringar.

Sindre Eid seier følgande:

- Vegard er ein av det klokaste fotballspelarane eg har jobba med. Han har vore veldig viktig både på- og utanfor bana. Han er også ein spelar med flott evne og ønske om å ta vare på alle rundt seg, og han har alltid tatt spesielt ansvar for nye spelarar. Fotballspelaren Vegard Heltne vil alltid bli skrive med gullskrift i Hødd-historia som cupmeister i 2012, og vi vil savne han som spelar i Hødd.

Annonse: