Vegard Heltne.jpg

Vegard Heltne har signert

Vegard Heltne har signert ny 1 års kontrakt med Hødd.

Vegard har 203 A-kampar og 24 mål for Hødd.

Viktig å ha med vidare

- Vegard er framleis ung og har mykje fotball i og foran seg. Med ein god vinter blir han ein viktig mann i 2017. Ein viktig kontunitetsbærar å ha med vidare seier hovudtrenar Sindre Eid.

Glad for at Sindre er tilbake

- Eg er veldig fornøgd med å ha signert ny kontrakt med Hødd. 

- Det at Sindre no er tilbake eg veldig glad for. Med Sindre som hovudtrenar veit vi kva vi får og kva han forventar av oss. Eg ser fram til første fellestrening i januar.

- Eg synst også det er spennande at Arild Sundgot no er tilbake i Hødd og blir ein del av trenarteamet. 

Annonse: