Urke har forlenga
Jan Lennart Urke har forlenga med Hødd ut 2018-sesongen.
25-åringen hadde kontrakt ut 2017-sesongen, men har no forlenga med endå eit år.
Jan Lennart vart kåra til "årets spelar" i fjor av både Blåsarane, spelarane og Hødd. Han står så langt med 71 A-kampar for Hødd, og har spelt for moderklubben heile karriera.
- Jan Lennart hadde ein god sesong i fjor, som også var gjennombruddssesongen hans etter å ha vore tålmodige i mange år. Han er ung og har spelt for Hødd heile karriera, og vi er særs nøgde med å ha forlenga med han for endå eit år, seier sportssjef Andrè Nevstad i ein kommentar.