Uavgjort og siger i helga

Les kort referat frå Hødd - Spjelkavik og Hødd 2 - Rollon! FOTO: Magne J. Krumsvik/ MJK Media

I den første kampen laurdag ettermiddag endte det 1-1 mellom Hødd og Spjelkavik. 1-1 var også resultatet ved pause. Hødd si scoring kom etter dødball - eit strøkent innlegg frå Eirik Franke Saunes traff panna til Steffen Moltu, som forlenga ballen i lengste hjørne. Dei - for dagen - heilblå dominerte banespelet gjennom heile kampen, skapte fleire store sjansar, men effektiviteten var ikkje god nok i denne kampen. Spjelkavik sitt mål kom på ei kontring ved Roald Runde.

I den andre kampen vann Hødd 2 over Rollon. Resultatet vart 2-1 - i ein kamp med høg intensitet. Rollon tok leiinga 1-0 etter eit innlegg der Hødd 2 vart «ball watching» i eigen 16-meter. Ikkje så lenge seinare, svarte Hødd 2 med ei scoring signert Peter Hasund. 1-1 var også pauseresultatet. Etter pausa fekk Hødd 2 justert forsvarsspelet sitt og heva det fleire hakk. Det gav også ei tryggheit i det offensive spelet. 2-1 kom ved Isak Haanes, etter eit flott angrep mot etablert forsvar. Trass i nokre store sjansar, ville ikkje ballen i mål fleire gongar og kampen enda med 2-1.

Annonse: