Uavgjort i kampen mellom Hødd og Egersunds

I helga spelte Hødd A toppkamp mot Egersunds. Det enda 2-2. Les referat her.

Hødd-Egersunds var rundens toppkamp i Post Nord avdeling 2. Tempoet var høgt ifrå start, ein kamp med mykje gode enkeltspelarar og mange tette duellar. Heimelaget hadde god kontroll defensivt og var farlege når sjansen først baud seg.

Omlag midtveis i den første omgangen kom scoringa til heimelaget. Eit langt kast frå Daniel Eid vart stussa av Steffen Moltu, flikka vidare av Henrik Breimyr, og sett i mål av Eirik Haugan. Midtstoppar-samarbeid! 1-0 var eit faktum. Resultatet stod seg inn til pause, sjølv om Hødd truleg vart snytt for eit mål til etter ein dødball. Bendik Rise fann Eirik Haugan som heada ballen inn i feltet. På 2. ballen var Henrik Breimyr som forlenga ballen så vidt i mål, men det var avvinka for offside. 

Etter pause hadde gjestane frå Rogaland ballen mest, men Hødd forsvarte seg meget godt. Faktisk så godt at ingenting trua målet til Ole Monrad Alme nemneverdig. Godt forsvarsspel førte i det 82. speleminutt til ei god kontringsmoglegheit. Markus Naglestad blei spelt fri på venstresida, drog seg inn i 16-meteren og slo eit presist innlegg til innbytter Joachim Osvold. Han sette ballen sikkert i åpent mål - 2-0!

Kort tid etter 2-0 skapte Egersunds sin første sjanse. Kevin Beugre blei spelt opp i mellomrommet og skaut frå distanse, men Ole Monrad Alme redda på flott vis til corner. Corneren enda dessverre opp på Roy Miljeteig sitt haud, og reduseringa var eit faktum. Etter reduseringa var det noko kaotisk på bana. Det var mykje fram og tilbake, og ikkje så stor kontroll frå nokon av laga. I det 88. speleminutt fekk Egersunds eit frispark midt på bana. Frisparket var tatt kort, før ein lang ball blei slått inn i feltet. Ballen datt ned utanfor 16-meteren etter ein duell, ein Egersunds-spelar fekk tatt ned ballen og slått eit innlegg. Der var Kevin Beugre og stanga inn 2-2, som også vart sluttresultatet. 

Hødd: Ole Monrad Alme, Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu, Daniel Eid (Preben Sætre, 11 minutt), Bendik Rise, Joakim Wrele, Bam Phudithip (Tobias Evebø, 5 minutt), Markus Naglestad, Magnus Myklebust (Osvold, 17 minutt). 

Vi gratulerer Bam Phudithip og Tobias Evebø med debut for Hødd sitt A-lag i seriespel!

Annonse: