TV-aksjonen: Suksess i Sande

Over 300 tilskodarar vart vitne til offensiv fotball og sju scoringar.

TV-aksjonskampen på River Plate samla inn mellom 15- og 16 000 kroner til UNICEF. 

Mykje folk hadde møtt fram på eit haustkaldt River Plate, og fekk sjå ein kamp som heldt høgt nivå og enda 5-2 til Hødd.

Kampen bar på ingen måte preg av at dette var ein veldedigheitskamp. Begge laga la mykje i det, og det vart dermed ein særs underhaldande kamp med sju scoringar og fleire store sjansar utanom. 

Larsnes/Gursken hadde henta heim dei fleste av sine leigesoldatar, og viste at dei kunne ha hevda seg godt i nye 3. divisjon om LGFK hadde samla alle sine spelarar.

Hødd kjørte miks mellom A-spelarar og rekruttspelarar i begge omgongar, og unggutta viste at dei er modne for eit høgare nivå enn dei har spelt for i år. 

Hødd gjekk til pause med 4-1-leiing i ein omgang der heimelaget spelte godt og produserte fleire gode muligheiter, medan Hødd var effektive. Robin Shroot scora hat-trick, medan Eirik Franke Saunes putta frå straffemerket. For LGFK reduserte Preben Sætre.

Andre omgang gav ei scoring til kvart lag. Magnus Myklebust scora på straffe for Larsnes/Gursken, medan Badr Rahhaoui netta for Hødd.

Takk til Larsnes/Gursken for eit godt arrangement og ei god oppleving for både spelarar, trenarar og supportarar!

Tusen takk også til dommartrioen Magne Krumsvik (Hødd), Jan Erik Myklebust (Åmdal) og Richard Olsen (Åmdal) som stilte opp gratis!

Bilde: Vikebladet.

Annonse: